Medan verftsindustrien på Nordvestlandet har hatt ein gullalder og stappfulle ordrebøker, og først ifjor såg ein klar tendens til fallande lønsemd, har konkurrenten ved Trondheimsfjorden slite med underskot etter 2010.
Til saman er det snakk om eit resultat før skatt på minus 781 millionar kroner frå i åra 2011-2014, med 2012 som det aller verste året (minus 451 millionar kroner).
2014-reknskapen til Noryards-konsernet viser 544 millionar kroner i driftsinntekter og 81 millionar kroner i minus før skatt. Det er er dotterselskapet på Fosen som står for storparten av driftsinntektene, 508 millionar kroner. Noryards Fosen hadde eit resultat på minus 37 millionar kroner i fjor.
Zjevago tok over i løpet av 2014, slik at reknskapen til Bergen Group Fosen også må med for å få eit komplett bilete. Bergen Group Fosen hadde 368 millionar kroner i driftsinntekter og 38 millionar kroner i underskot før skatt i 2014.
I førre månad kansellerte selskapet Boa Imr bygging av eit offshorfarty til 700 millionar kroner. Den kanselleringa utløyste aktutt pengemangel hos verftet og dei tilsette har ikkje fått løn for september.
Boa Imr er eig i fellesskap av Boa Offshore og Noryard-eigar Konstantin Zjevago. Zjevagao har ikke betalt sin andel av eigenkapitalen, er grunnen Boa Offshore-sjef Ole T. Bjørnvik har gitt for at kontrakten er kansellert.
I går diskuterer Bjørnevik og Zjevago saka, men utfallet er ikkje kjent.
Konsernsjef Ivar K. Hanson sa i formiddag at han ventar ei avklaring i løpet av ettermiddagen.
Til saman er det snakk om eit resultat før skatt på minus 781 millionar kroner frå i åra 2011-2014, med 2012 som det aller verste året (minus 451 millionar kroner).
Ukrainsk eigar
I 2014 kjøpte ukrainske Konstantin Zjevago skipsbyggingsverksemda til Bergen Group, som omfattar eit verft på Laksevåg i Bergen og verftet i Trøndelag. Så langt har han hatt lite å glede seg over.2014-reknskapen til Noryards-konsernet viser 544 millionar kroner i driftsinntekter og 81 millionar kroner i minus før skatt. Det er er dotterselskapet på Fosen som står for storparten av driftsinntektene, 508 millionar kroner. Noryards Fosen hadde eit resultat på minus 37 millionar kroner i fjor.
Zjevago tok over i løpet av 2014, slik at reknskapen til Bergen Group Fosen også må med for å få eit komplett bilete. Bergen Group Fosen hadde 368 millionar kroner i driftsinntekter og 38 millionar kroner i underskot før skatt i 2014.
Kansellert kontrakt
I vår reduserte Noryard Fosen arbeidstokken med rundt 130 personar, og i dag er det 71 tilsette att i selskapet.I førre månad kansellerte selskapet Boa Imr bygging av eit offshorfarty til 700 millionar kroner. Den kanselleringa utløyste aktutt pengemangel hos verftet og dei tilsette har ikkje fått løn for september.
Boa Imr er eig i fellesskap av Boa Offshore og Noryard-eigar Konstantin Zjevago. Zjevagao har ikke betalt sin andel av eigenkapitalen, er grunnen Boa Offshore-sjef Ole T. Bjørnvik har gitt for at kontrakten er kansellert.
Krisemøte i dag
Styra i både Noryard Fosen og Noryard-konsernet er samla for å diskutere krisa for verftet på Fosen.I går diskuterer Bjørnevik og Zjevago saka, men utfallet er ikkje kjent.
Konsernsjef Ivar K. Hanson sa i formiddag at han ventar ei avklaring i løpet av ettermiddagen.
Publisert: 14.10.2015 13:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48