Brødrene Aa Norled illustrasjon
STØRSTE NOKON GONG: Dei 45 meter lange båtane skal trafikkere trøndelagskysten og den første skal leverast før sommaren neste år. Illustrasjon: Brødrene Aa
Nytt

Rekordkontrakt til Brødrene Aa

Skal bygge tre hurtigbåtar til ein verdi av meir enn 420 millionar.

Marius Rosbach
15.05.2023

Brødrene Aa har inngått kontrakt med Norled om bygging av tre elektriske hurtigbåtar, ifølgje ei pressemelding.

Det er den største enkeltkontrakta for Nordfjord-verftet nokon sinne, med ein samla kontraktsverdi på 420 millionar kroner.

Dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa fortel til NETT NO at dei skal levere den første båten før sommaren neste år, og dei to neste utover hausten 2024.

Norled har fått oppdraget frå det fylkeskommunale trafikkselskapet ATB. To av båtane skal operere ruta mellom Trondheim og Kristiansund, medan den tredje skal gå mellom Trondheim og Brekstad på Ørlandet.

Nytt system for batteribytte
Kontrakten er viktig på fleire måtar for båtbyggjarane i Nordfjord, som har fekk en nedtur under koronapandemien. Oppdraget for Norled gir dei godt med arbeid framover.

– For det første bidrar det til god og føreseieleg aktivitet, etter nokre utfordrande år for selskapet. Samtidig tek vi no eit nytt stort sprang på vegen mot nullutslepp for hurtigbåtar, uttalar Aa i meldinga.

Dei tre hurtigbåtane får om bord ei sokalla batteribyteløysing – der batteripakkar blir bytta ved anløp og erstatta med ferdig ladda batteripakkar.

Treng fleire tilsette
Brødrene Aa har i dag 150 tilsette. Med aukinga i aktivitet vil verftet ha behov for å tilsetje fleire utover sommaren og hausten, både i Eikefjord og i Hyen.

Verftet er allereie i gong med rekrutteringsarbeidet for å sikre at det har nok kapasitet framover.

Aa fortel til NETT NO at det dreiar seg om ulike type fagkompetanse. Dei har allereie lyst ut nokre stillingar, og dei vil lyse ut fleire over sommaren og hausten.

– Saman med prosjekt som allereie er i produksjon, skal vi levere fartøy og ombyggingar for over 900 millionar kroner til Norled fram til utgangen av 2024, seier Aa i meldinga.

Forskingsprosjekt
Systemet med bytte av batteri om bord er eit resultat av eit utviklingsprosjekt kalla «Shiftr», som har fått støtte frå Pilot-E-ordninga.

Løysinga blir første gong installert på hurtigbåtane Baronen og Baronessen, etter at Norled og verftet nyleg gjorde avtale om å bygge om desse to båtane som trafikkerer Oslofjorden.

Publisert: 15.05.2023 15:06

Sist oppdatert: 15.05.2023 16:10

Mer om