Bdo Erik Langlo Johansen Iver Lande Kvalsvik Alma Victoria Taaje Oystein Omvik Trang Phan Kvalvag foto Marius
VEKST: Erik Langlo-Johansen (f.v.) saman med det nye teamet for berekraft i BDO på Sunnmøre, Iver Lande Kvalsvik, Alma Victoria Taaje, Øystein Omvik og Trang Phan Kvalvåg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Pilane peikar opp for revisjonsekspertane

BDO handterer rekneskapen til fire av ti selskap i Møre og Romsdal. Og aktiviteten er aukande.

Marius Rosbach
28.11.2024

I takt med auka krav til at næringslivet har papira i orden, har revisjonsselskapet BDO fått meir å gjere. 

På Nordvestlandet er dei allereie størst på sitt felt med fleire enn 80 tilsette frå Molde i nord til Sandane i sør.

– Det har vore ein jamn, solid og god vekst, og vi har jobba strukturert for å få til det, fortel Erik Langlo-Johansen som er regionleiar i nordvest for det landsdekkande konsernet. 

Fleirdobla talet på tilsette
Det har skjedd mykje på kontoret i Ålesund sidan dei for drygt ti år sidan var ti personar som hadde arbeidsplassen sin her. I dag teller kontoret fleire enn 30 tilsette.

I dag er BDO også til stades med kontor i Molde, Ulsteinvik, Brattvåg, Stranda, Åndalsnes, Måløy og Sandane i Nett No sitt dekningsområde på Sunnmøre, i Romsdal og Nordfjord. 

– Berre på Sunnmøre er vi blitt om lag 50 tilsette, og dei fleste jobbar med reine revisoroppdrag, fortel Langlo-Johansen.

Omsetninga årleg for revisjonsverksemda til BDO berre på Sunnmøre er venta å ligge på kring 100 millionar i 2025. 

Driftsmargin og konkrete tal på overskot, vil regionleiaren ikkje opplyse – men han stadfestar at dei tenar pengar. 

BDO Erik Langlo Johansen
HAR TILSETT FLEIRE NYE: Regionleiar Erik Langlo-Johansen for BDO Nordvest fortel at det er ein krevjande marknad å rekruttere i, men at dei har lukkast godt. Foto: Marius Rosbach

Har fire av ti selskap i porteføljen
Fire av ti aksjeselskap med revisjonsplikt  i Møre og Romsdal er allereie i kundeporteføljen til BDO. No er aktiviteten aukande, ikkje minst fordi fleire bedrifter blir omfatta av nye rapporteringskrav. 

Nett No kunne tidlegare i veka fortelje at BDO har etablert eit nytt team ved Ålesund-kontoret som skal jobbe dedikert med berekraft. 

Regionleiaren har også nyleg tilsette andre nye, som skal starte opp snart. 

– Det er eit krevjande marknad å rekruttere i, men eg meiner vi har lukkast vanvitig bra det siste året. Samtidig ønsker vi oss fleire erfarne revisorar i Brattvåg og Stranda, legg Langlo-Johansen til. 

– Ønsker å tilsette dei beste
– Vi ønsker å tilsette dei beste, og dei er etterspurt. Vi jobbar også aktivt med å få folk til å flytte heim til Nordvestlandet, ved å fortelje folk kor bra næringsliv vi har her, seier Langlo-Johansen. 

BDO-leiaren tør ikkje seie at han ser noko klar trend som tilseier ei endring i flyttestraumen, men fortel at mange får ei aha-oppleving om kva variasjon regionen kan tilby i arbeidslivet. 

– Utfordringa til distriktet er framleis å få tak i nok kvalifiserte folk, legg han til. 

Nye krav til større selskap frå neste år
Etter at børsnoterte selskap starta å levere berekraftrapportar for 2024, skal alle større selskap gjere det same for 2025. 

Her har revisjonsbransjen fått ei nøkkelrolle – som ligg bak opprettinga av det nye berekraftteamet til BDO i Ålesund. 

– Skal vi fortsette å levere gode revisjonstenester til kundane våre, så er dette noko vi må tilby, seier Langlo-Johansen.

– Tidlegare har vi ikkje gjort mykje konkret rådgiving på dette området i vår region, og det er først no det startar for veldig mange, legg han til. 

– Viktig at alle kjem i gong
Øystein Omvik leiar det nye berekraftteamet i BDO på Sunnmøre som har vore i arbeid sidan i haust. Han påpeiker at dei har god ryggdekning i BDO sine andre avdelingar i oppstarten av arbeidet. 

– Vi har brukt tid til å fortelje kundane våre om berekraft. Det er viktig at alle kjem i gong – og ikkje blir ståande i kø i 2025. Då begynner ein for seint, seier Omvik. 

Regionleiar Erik Langlo-Johansen fortel at dei både møter bedrifter som har venta på å kome i gong, og dei som vil «vente og sjå» for å sjå kva andre gjer først. 

– Vi erfarer at kundane veit at dei må handtere dette, men at det er ulik grad av kva dei tenker gjere no, seier han. 

– Det er variasjon både i kva ressursar selskap har tilgjengeleg, og i kva grad ein vil bruke pengar på berekraft. Difor trengst det framleis mykje endring for å få kundane meir framme i skoa, slik at ein klarer å rapportere innan fristen, fortel Langlo-Johansen.

Publisert: 28.11.2024 11:24

Sist oppdatert: 28.11.2024 22:47

Mer om