Planlegg børsnotering for Frøy
Vil hente éin milliard kroner.
Oppdrettsserviceselskapet Frøy har planar om notering på Oslo børs, skriv sjømatkonsernet NTS i ei børsmelding tidleg onsdag.
Gjennom selskapet Frøy ASA, ein fusjon mellom Frøy Gruppen og eitt av NTS sine dotterselskap vil dei samtidig hente inn éin milliard kroner i ny eigenkapital.
Selskapet vil ha meir enn 670 tilsette og 13 kontor langs kysten. Frøy har mellom anna avdelingar i Ålesund, Ulsteinvik og Deknepollen.
I børsmeldinga skriv selskapet at dei meiner fusjonen og børsnoteringa vil vere eit viktig steg for å gjere Frøy i stand til å ta ein aktiv rolle i å utvikle og realisere vekstpotensialet i oppdrettsnæringa.
Dei viser til at langsiktige kontraktar i tillegg til ein rekke nye satsingar legg grunnlaget for dette.
Selskapet hadde ved utgangen av 2020 ei ordrereserve på 5,4 milliardar kroner.
Frøy har inngått langsiktige kontraktar for heile seks nye brønnbåtar som skal leverast i løpet av 2021-2023. I same periode vil dei sette åtte nye servicebåtar i arbeid.
Publisert: 03.03.2021 08:44
Sist oppdatert: 03.03.2021 09:00