Roger hofseth foto marius 222
SMELL: Inntil smitteutbrotet i Syvde i haust har Hofseth International unngått å bli direkte råka av koronaepidemien. Roger Hofseth er storaksjonær og dagleg leiar i konsernet som fekk rekordomsetning i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Planlegg gjenopning i Syvde neste veke

Koronautbrot har stoppa produksjonen hos Hofseth International - men fjoråret gav rekordomsetning.

07.09.2021

Tysdag er det berre seks-sju personar i sving med rydding og klargjering på fabrikken. Komande mandag planlegg Roger Hofseth for gjenopning.

Måndag kveld var det minst 57 registrert smitta i utbrotet.

- Det er trist, men vi har kontroll på situasjonen, seier Hofseth. No arbeider selskapet for å kunne starte produksjon som vanleg frå mandag 13. september.

Selskapet har også anlegg i Ålesund og på Valderøya, og har kunne flytta handtering av fisk dit og unngått at fisk hopa seg opp. Det begrensar skadeverknadane for selskapet.

- Heldigvis har vi tre fabrikkar, men det er likevel tapte inntekter, seier Hofseth.

Opp på foredling, ned på oppdrett
Hofseth International-konsernet er medeigar i Hofseth Aqua. Fallande laksepris i fjor, kombinert med investeringar og oppbygging av meir biomasse gjorde at oppdrettsverksemda hadde fallande inntekter og enda med minusresultat (sjå tabell under).

For foredlingsbedriftene slår fallande laksepris motsett veg. Koronapandemien endra forbruksmønsteret.

Mindre fisk var seld til restaurantmarknaden og meir til butikkane. Konsenkvensen blei mellom anna auke i salet av frosne produkt og nedgang i salet av fersk, noko som mellom anna gir mindre flyfrakt.

2020-omsetninga for konsernet enda på drygt 4,3 milliardar, som er ny rekord. Driftsresultatet blei nær 100 millionar svakare enn året før (sjå tabell under).

Kapitalutviding
Hofseth International henta inn 636 millionar kroner i ny eigenkaptial i ein retta emisjon i fjor. Kapitalinnhenting vart registrert 19. februar i år.

Det er japanske Yokohama Reito Ltd. som gjekk inn med pengane. Selskapet fekk 159.023.668 preferanseaksjar (B-aksjar) som ikkje gir stemmerett på generalforsamlinga. B-aksjane kan gjerast om til A- aksjar (med stemmerett) etter fem år, ifølgje reknskapet.

Roger Hofseths selskap RH Industri eig 46 prosent av A-aksjane i Hofseth International-konsernet, Yokohama Reito Ltd. eig 14 prosent og Ola Holens selskap 8,5 prosent. I alt er det 668.901.283 A-aksjar.

Hofseth International as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt4334,64169,3
Driftsresultat183,9276,5

Resultat før skatt

362,3185,1
Hofseth Aqua as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt554,0630,7
Driftsresultat-13,8143,8
Resultat før skatt-23,1131,5

Publisert: 07.09.2021 11:07

Sist oppdatert: 07.09.2021 12:36

Mer om