Roger hofseth Foto Tony Hall
RÅKA AV KORONA: Dagleg leiar Roger Hofseth har kring ein tredel av dei tilsette i Vanylven ute av drift, grunna koronasmitte. Foto: Tony Hall
Nytt

Hofseth-tap etter koronasmitte

Større utbrot ved Syvde-fabrikken.

Marius Rosbach
03.09.2021

I alt 37 personar hadde seint torsdag testa positivt på koronasmitte etter eit utbrot ved fiskeforedlingsbedrifta Hofseth i Vanylven.

Kommunen ventar også svar på 18 nye prøver fredag føremiddag.

– Enorme kostnadar
Dagleg leiar Roger Hofseth i Hofseth Syvde fortel til Sunnmørsposten at dei har følgd strengare reglar enn styresmaktene har krav om og at mange dei smitte er fullvaksinerte.

Kring ein tredel av dei tilsette er sett ut av spill som følgje av utbrotet, som dermed råkar produksjonen. Hofseth reknar med milliontap.

– Fabrikken går seks til sju dagar i veka med eit og eit halvt skift, så det er klart det er enorme kostnadar i dette, seier han avisa.

Avdekka tysdag
Utbrotet blei avdekka tysdag ettermiddag, og ein mistenkte raskt at det kunne vere fleire smitta, fordi tilsette var gått heim med luftvegsinfeksjon.

I dagane etterpå er det organisert testing av tilsette.

– Vi ber om at alle i lokalmiljøet er ekstra obs på symptom, påpeiker kommunen i ei statusoppdatering på heimesida si.

Publisert: 03.09.2021 08:28

Sist oppdatert: 07.09.2021 11:06

Mer om