Vik Ørsta master Ørstaterminalen foto Ogne
LYS LANGS VEGEN: Lysmaster frå Saferoad-bedrifta Vik Ørsta på veg til utskiping frå Ørstaterminalen. Saferoad-konsernet har spesialisert seg på lys- og vegsikringsutstyr. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Pluss i Ørsta, minus for konsernet

Rekordinntekt og høgaste lønsemd på seks år for Vik Ørsta.

16.08.2023

Selskapet, med produksjonsanlegg i Ørsta og i Vik i Sogn, fekk rekordinntekt for andre år på rad i fjor, og løsemda har ikkje vore betre sidan 2016. I år ventar selskapet at inntektene blir omlag som i 2022.

Vik Ørsta lagar mellom anna lysmaster, autovernskinner og sikringsboltar for veg- og tunnelanlegg. I fjor sysselsette selskapet tilsaman 256 årsverk.

Verknaden av koronapandemien var små i 2022 og er det og i 2023, medan krigen i Ukraina har ført til høgare råvarekostnadnar, energiprisar og redusert tilgang på nokre råvarer, ifølgje årsmeldinga.

65 millionar til konsernet
Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, som fekk tilført 65 millionar kroner i konsernbidrag frå Vik Ørsta i fjor.

Også konsernet fekk ny rekord i driftsinntekter i fjor, men auka finanskostnadar gjorde at konsernet fekk eit minusresultat før skatt i 2022 (sjå tabell). Konsernet har anlegg og kontor i 13 europeiske land og har i alt 2500 tilsette.

Fleire eigarskifte
I 2007 blei det som då var Ørsta Gruppen slått saman med Euroskilt og Saferoad-konsernet etablert. Året etter blei Vik Verk i Sogn ein del av konsernet.

Eit investeringsfond i det svenske Nordic Capital-systemet kjøpte Saferoad i 2008. I 2017 vart konsernet børsnotert og året etter tok investeringsfond styrt av FSN Capital over som eigar.

Vik Ørsta as
Tal. i mill. kroner20222021
Driftsinntekt850,1791,1
Driftsresultat75,664,1
Resultat før skatt70,363,7

Saferoad as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt6173,35765,7
Driftsresultat221,0256,3
Resultat før skatt-87,0101,7

Publisert: 16.08.2023 11:00

Sist oppdatert: 16.08.2023 11:00