Kjetil nesset vik ørsta foto marius 11
REKORDÅR: Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset har opplevd at selskapet har hatt større omsetning enn i fjor. Også lønnsemda er solid. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Rekord i fjor – ligg like bra an i år

Vik Ørsta er blitt ein pengemaskin for eigarane i Saferoad.

Marius Rosbach
07.07.2022

Då pandemien slo til våren 2020, venta Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset lågare aktivitet. Etter ein kort dupp med opptil 80 permitterte, auka oppdraga att.

No har Saferoad-selskapet levert to av sine beste år økonomisk nokon gong.

Rekordomsetning - og solid utbytte
Omsetninga i fjor på 791 millionar kroner er ny rekord og ei auke på nær 100 millionar. Overskottet på 64 millionar gjer 2021 til eitt av dei mest lønnsame åra til selskapet (sjå tabell under).

Vik Ørsta er det største norske selskapet i Saferoad-konsernet. Årsrapporten viser at eigarne tok konsernbidrag på når 45 millionar etter det gode resultatet.

Dei siste fem åra har Vik Ørsta-selskapet overført til saman 172 millionar kroner til eigarselskapet.

Krigen som nyleg har brote ut i Ukraina har hatt effekt på høgare råvareprisar og vanskelegerare tilgjengelegheit på nokre råvarer
Årsrapporten Vik Ørsta
Ingen koronabrems – merkar Ukraina-krigen
Vik Ørsta har produksjon i Ørsta og Vik i Sogn, og lagar vegsikringsutstyr, frå rekkverk og lysmaster, til autovernskinner og fjellsikringboltar.

I årsrapporten skriv leiinga at dei ventar ei omsetninga i 2022 på same nivå som i fjor. Koronapandemien har ikkje gitt noko vesentleg effekt for bedrifta, men no merkar dei konsekvensen av krigen i Ukraina.

– Krigen som nyleg har brote ut i Ukraina har hatt effekt på høgare råvareprisar og vanskelegerare tilgjengelegheit på nokre råvarer, heiter det.

(saka held fram under)
Vik Ørsta


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
791,1
696,4
Driftsresultat
64,1
56,9
Resultat før skatt
63,7
55,1

Solid økonomi
Vik Ørsta-leiinga skriv i årsrapporten at dei har tilfredsstillande likviditet og gode evner til å løfte investeringar på eiga hand. Selskapet satsar tungt på utvikling av både organisasjonen og produktane.

Eigenkapitalen i selskapet er på 169 millionar og samla gjeld på 225 millionar. Selskapet har 277 tilsette og av desse er 22 kvinner.

Vik Ørsta er 100 prosent eigd av Saferoad-konsernet, som igjen er eigd av FSN Capital. I 2018 kom investeringselskapet som forvaltar investeringsfond med eit bod på alle aksjane i Saferoad og tok -konsernet av børs.

Publisert: 07.07.2022 10:31

Sist oppdatert: 07.07.2022 11:13

Mer om