Poseklippfisk fraa Sunnmoere er aarets matfunn
NY VRI: Klippfiskprodusenten Dybvik frå Fiskarstrand får prisen Årets matfunn for nyskapinga 3-2-1 Ovn.
Nytt

Poseklippfisk frå Sunnmøre er årets matfunn

Eit nytt klippfisk-konsept frå Dybvik har fått prisen Årets matfunn på matmessa Smak 2014.

09.02.2014
(NPK): Klippfisk 321 Ovn heiter produktet som tok prisen i konkurranse med blant andre byggrynsgraut frå Fjordland og sideren Iseple.
Ifølgje produsenten er dette ein «ungdommeleg og rocka» klippfisk – ei tradisjonsrik norsk råvare i nytt konsept med vekt på å nå nye forbrukarar og å gjere det enkelt.

Raske, sunne og smakfulle

Klippfiskverksemda Jakob og Johan Dybvik AS blei etablert i 1923 og held til på Fiskarstrand utanfor Ålesund. Målet med den nye serien deira er å hjelpe forbrukaren å lage klippfisk på nye måtar. Det skal vere raske, sunne og smakfulle kvardagsrettar som alle kan lage med tre ingrediensar på under 30 minutt, heiter det.
Klippfisk 321 Ovn er reinsa serveringsstykke av tradisjonell klippfisk pakka i posar på 280 gram, som er nok til middag for to vaksne og to barn.
Saman med produkta er det laga ein eigen app med utvatningskalkulator og inspirasjonsfilmar.

Publisert: 09.02.2014 21:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31