Christian Pritchard foto Ogne
STYREMEDLEM: Christian Pritchard blir med vidare, som styremedlem i Unifon Holding. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Pritchard ute som dagleg leiar i Nortel

- Ingen dramatikk, seier grunnleggaren av Ålesund-selskapet.

Etter at mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund tidlegare i haust blei kjøpt opp av konkurrenten Unifon er selskapet no i ferd med å fusjonere.

Grunnleggar og storaksjonær Christian Pritchard, har gått av som dagleg leiar i Nortel.

Inn i Unifon
Pritchard opplyser til NETT NO gjennom tekst-korrespondanse at han ikkje er ute av styret.

– Eg sit no i holding-styret til Unifon, og er framleis aksjonær.

Han seier det er ingen dramatikk i at han er ute som dagleg leiar, og at det er heilt vanleg når selskap kjøpast og seljast.

Bekrefter rollebytte
COO i Nortel, Espen Starheim Breivik, stadfestar endringa.

– Pritchard sit i styret, men i Unifon Holding AS som no eig både Nortel og Unifon.

Overflødige i Ålesund
35 av 60 stillinger ved Ålesund-kontoret til Nortel blir overflødige i samband med oppkjøpet og samanslåinga med Unifon.

Unifon verdsette Nortel 27,50 kroner aksjen, som prisa mobiltelefoniselskapet i Ålesund til 517 millionar kroner. Dei største aksjonærane fekk oppgjer dels med Unifon Holding-aksjar, dels kontantar. Dei mindre aksjonærane fekk heile oppgjeret i kontantar.

NETT NO har spurt Unifon om kva som skjer med dei som har hatt kontorplass for Nortel i Ålesund, men har ikkje fått svar på dette enno.

Publisert: 20.10.2023 10:51

Sist oppdatert: 20.10.2023 10:50

Mer om