Prodtex inn i partnarskap med Odfjell
Felles selskap skal bygge understell for flytande vindturbinar.
Prodtex på Nordvestlandet og Odfjell Oceanwind i Bergen har etablert fellesforetaket Windsteel Technologies fortel dei i ei pressemelding torsdag.
«Fellesforetaket er oppretta for å etablere produksjonskapasiteten som er nødvendig for å dekke behovet for hundrevis av flytande vindfundament per år i Europa aleine, og ønsker å ha sitt første anlegg i drift innan 2027», skriv dei i meldinga.
Planen er å bygge store skreddersydde fabrikkar for å levere fundamenta. Samarbeidsselskapet vil vere eit knutepunkt for å levere eit grunnlag til marknaden, i samarbeid med lokale og internasjonale leverandørar. Dei første partnarane er allereie på plass, blir det opplyst i meldinga.
Langvarig samarbeid
Fellesforetaket Windsteel Technologies er eit resultat av eit langvarig samarbeid mellom Prodtex og Odfjell Oceanwind, ifølgje pressemeldinga.
Prodtex har som kjent spesialisert seg på robotisert lasersveising. Saman med Odfjell har dei no utvikla produksjonmetodar for Odfjell Oceanwind sine fundament for flytande vindkraftverk.
– Produksjon av flytende vindfundament i storleiken og skalaen som trengs for å utvikle gigawatt flytande vindparkar, vil kreve fabrikkar, og ikkje verft som vi er vande til å sjå frå olje- og gass- og skipsbyggingsindustrien, seier administrerende direktør Per Lund i Odfjell Oceanwind i meldinga.
– Desse fabrikkane vil vere høgt spesialiserte. med produksjons- og monteringsliner som er tilpassa for å produsere fundamentdesign med relativt like strukturelle komponentar. Mykje som vi ser i bil- eller flyfabrikkar, legg han til.
Fiskåholmen ikkje aktuell plassering
Pressemeldinga opplyser ikkje kvar det er aktuelt å etablere produksjonsanlegg, men Fiskåholmen i Vanylven er ikkje aktuelt, får NETT NO opplyst av Prdtex-sjef Sigbjørn Nordstrand.
Selskapet er no i samtalar med grunneigarar, hamnestyresmakter og logistikkbasar om kvar ein slik produksjon kan plasserast.
Prodtex er óg blant søkjarane om å få steinmasse frå utbygging av Stad Skipstunnel. Steinen Prodtex har søkt om, skal brukast til utfylling for å få større areal på Fiskåholmen.
Publisert: 29.02.2024 09:11
Sist oppdatert: 29.02.2024 12:03