Prodtex illustrasjon statsbygg link arkitektur 11
TESTBASSENG: Prodtex i Vanylven skal levere to havbotnar i stål til havlaboratoriet som skal byggjast i Trondheim. Illustrasjon: Statsbygg/Link Arkitektur
Nytt

Har sikra storkontrakt på prestisjeprosjekt

– Det kan bli snakk om eit tresifra antall millionar, seier Prodtex-sjefen om oppdraget.

Marius Rosbach
21.02.2024

Prodtex skal levere to to havbotnar i stål til eit stort testbasseng ved Norsk Havteknologisenter i Trondheim, ifølgje ei pressemelding.

Kontrakten er inngått med Axtech i Molde og det er store dimensjonar over oppdraget. Til saman vil det bli nytta meir enn 700 tonn stål i oppdraget som skal leverast i 2026.

Verdien på kontrakten blir ikkje opplyst, men administrerande direktør Sigbjørn Nordstrand i Prodtex fortel at det dreiar seg om ein av dei største selskapet har sikra seg.

– Det kan bli snakk om eit tresifra antall millionar, seier han til NETT NO.

Prodtex Tore Roppen Sigbjørn Nordstrand 11
FISKÅHOLMEN: Prodtex har produksjon på Fiskåholmen i Vanylven. Her er administrerande direktør Sigbjørn Nordstrand (t.v.) saman med forretningsutviklar Tore Roppen. Arkvfoto: Marius Rosbach

– Er berre starten
Prodtex-sjefen fortel at det er eit «svært spanande» prosjekt. Det er sett høge toleransekrav, som gjer at oppdraget er ekstra utfordrande for Vanylven-bedrifta.

Nordstrand seier han er imponert over kunnskapen hos Axtech og at han ser fram til å samarbeide meir med Molde-selskapet.

Prosjektleiar Erik Aspen i Axtech meiner på si side at Prodtex er dei einaste i verda som kan levere havbotnane med den presisjonen som krevst.

– Dette havlaboratoriet skal ikkje vere noko mindre enn «state of the art». Denne ordra til Prodtex er berre starten på fleire og vi gler oss til vidare samarbeid, uttaler han i meldinga.

Skal teste skip og konstruksjonar
Havbassenget er eit stort laboratorium der ein utfører testar av faste og flytande konstruksjonar under realistiske simulerte forhold med bølgjer, straum og vind.

Bassenget skal mellom anna nyttast til å teste skip, vindturbinar, oppdrettsanlegg, bruer og offshore konstruksjonar.

Havbotnane skal mellom anna kunne justerast til ulike testdjupne frå kontrollrommet med millimeterpresisjon.

 Statsbygg er byggherre for heile senteret. NTNU skal eige og drifte havteknologisenteret på vegne av staten. SINTEF Ocean blir ein viktig operatør og leigetakar.

Publisert: 21.02.2024 14:31

Sist oppdatert: 21.02.2024 21:39

Mer om