Prosjektleiar startar i ny jobb
Søker seg til maritim industri etter fire år med Vekst i Hareid.
Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid går over i ei ny fase og i samband med dette, sluttar prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i si stilling, ifølgje ei pressemelding.
Andersen skal tilbake til maritim industri og startar i ei nyoppretta stilling i Entec-selskapet Evotec i juni.
På jakt etter ny prosjektleiar
– I arbeidet med Vekst i Hareid har prosjektleiar, saman med eit sterkt styre, utvikla og etablert eit viktig fundament i næringsutviklinga i Hareid kommune. Ein har gradvis spissa satsinga i prosjektet og styret har sterke ambisjonar for vegen vidare, skriv styreleiar Karl-Johan Bakken i meldinga.
Styret vil no gå i gang med tilsetting av ein ny prosjektleiar.
– Her vil det vere spennande moglegheiter for den rette kandidaten, skriv Bakken vidare.
Rår til ny millionstøtte
Omstillingsprosjektet starta med eit forprosjekt i 2019, og hovudprosjektet året etter. I tillegg til prosjektleiar i full stilling, er ei styringsgruppe frå næringslivet, politikken og kommuneleiinga involvert i arbeidet.
Prosjektet får midlar for eitt år av gongen frå fylkeskommunen. Vidare støtte til arbeidet skal opp i neste vekes møte i kompetanse- og næringsutvalet.
Fylkeskommunedirektøren rår politikarane til å løyve tre millionar kroner.
Har bidrege til 124 arbeidsplassar
I sakspapira kjem det fram at prosjektet til no har bidrege til 124 arbeidsplassar.
– Vi hadde eit mål om å sikre, eller skape 200 arbeidsplassar innan sommaren 2025. Vi er på god veg og med prosjekta som er i gong og planen for det komande året, ser vi at det er mogleg å kome i mål, seier Andersen til Nett No.
Publisert: 03.05.2024 15:44
Sist oppdatert: 03.05.2024 15:44