Kings bay pelagia hjørungavåg 33
HJØRUNGAVÅG: Pelagia Liavåg, Spenncon Hjørungavåg og Brekke & Kleppe Anlegg held til på Risneset i Hareid. No er industriområdet grundig kartlagt. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Overskotsvarme kan gi inntekt og ny verksemd

Resultata av kartlegging overraska sjefen for Pelagia i Hjørungavåg.

Marius Rosbach
07.12.2023

Eit prosjekt som har kartlagt ressursar og laga klimarekneskap for industriområdet på Risneset i Hareid, har resultert i nye tankar om korleis ressursane kan nyttast

Det går fram av ei pressemelding frå klyngeorganisasjonen Blue Legacy ÅKP.

Dei er mellom samarbeidspartnarane og Katrine Vestbøstad har vore prosjektleiar i forprosjektet «Ressursoptimalisering for Risneset industriområde», som no skal avsluttast.

– Har overraska oss kva spor vi set igjen
Risneset ligg i Hjørungavåg sentralt plassert ved skipsleia. Det overordna målet med arbeidet er korleis ein kan utvikle plassen til eit framtidaretta og attraktivt industriområde.

Ut av arbeidet kjem fleire forslag til konkrete tiltak, mellom anna at overskotsvarme frå fryselageret til Pelagia Liavåg kan nyttast av andre.

– Det har overraska oss kva spor vi set igjen etter verksemda vår og vi tek med oss dei konkrete tiltaka vi kan jobbe vidare med for å redusere desse. At vi har så mykje varme som kan komme utvikling av Risneset til gode er positivt, uttalar Rune Hoddevik i Pelagia Liavåg i meldinga.

Risneset forprosjekt gruppebilde foto Julie Sundgot Andersen
PROSJEKTARBEIDARANE: Frå Venstre Hans Røyset, Lars Bjørn Teige, Joar Brekke, Håkon Raabe, Ragnhild Brekke Teigene, Rune Hoddevik, Kathrine Lyngstad, Elisabeth Leite Skare, Øystein Rønningen, Vegard Alme Ulstein, Knut Olav Høybakk, Are Opstad Sæbø, Kjell Alme, Julie Sundgot Andersen og Katrine Vestbøstad. Foto: Julie Sundgot Andersen

Kan gi inntekt og energi til ny verksemd
I tillegg til fiskeribedrifta Pelagia Liavåg, held Spenncon Hjørungavåg og Brekke & Kleppe Anlegg til på området i dag.

Det er sett opp klimarekneskap både for kvar av bedriftene og området samla. Ved å analysere resultatet er dei kome fram til fleire grep, som både gir fordelar for bedriftene – og som kan legge til rette for ny aktivitet.

Overskotsvarmen frå fryselageret er mellom tiltaka som både kan gi nye inntekter til Pelagia, og ha verdi for Spenncon, eller andre bedrifter. Veksthus, tørrfiskproduksjon, sjøbad og bryggeri er eksempel som kan vere aktuelle.

Detaljert kartlegging
Målet for prosjektet er å få til meir verdiskaping og samstundes redusere det samla fotavtrykket.

Undervegs er det gått detaljert til verks for å kartlegge kva ressursar som er tilgjengeleg. Det er identifisert alt frå mengder og transportavstandar for råstoff, innsatsfaktorar, materialstraumar, produkt og avfall for kvar av bedriftene.

Håkon Raabe i Sintef Manufacturing meiner samarbeid mellom både bedrifter og bransjar er viktig for å få utnytte ressursar betre i slike industriområde.

– Etablering av industrielle symbioser og nye sirkulære verdikjeder skjer sjeldan av seg sjølv. Det krev at bedrifter tenkjer utover eiga verksemd og etablerer nye koplingar og forretningsmodellar, uttalar han i meldinga.

Skaparkraft-midlar
Prosjektet er tildelt midlar frå Skaparkraft-ordninga til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utover dei tre bedriftene med aktivitet på Risneset deltar Vekst i Hareid, ÅKP/NCE Blue Legasea og Land møter hav, Greenstat/Greensight og Sintef Manufacturing i prosjektkonsortiet.

Publisert: 07.12.2023 14:17

Sist oppdatert: 07.12.2023 14:27

Mer om