Vekst i Hareid vekstprogram foto marius
HAREID: 16 bedrifter meldte seg som interesserte etter at dei fekk høyre om vekstprogrammet på Hareid. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tilbyr vekstprogram for lokale bedrifter

Alt frå store industrilokomotiv til den lokale klesbutikken møtte opp.

Marius Rosbach
24.04.2023

Vekst i Hareid inviterte måndag til treff for bedrifter som er nysgjerrige på å vere med på eit vekstprogram det komande halvåret.

Målet er i første rekke å finne fram til 20 bedrifter frå lokalmiljøet som kan vere kandidatar.

- Vi tenker å starte med ei ganske brei gruppe med bedrifter frå lokalmiljøet som kan vere interesserte, fortel prosjektleiar Julie Sundgot Andersen til NETT NO før treffet med bedriftene sette i gong.

Allereie etter møtet hadde dei 16 bedrifter på blokka som vil vite meir. Det er alt frå industribedriftene Ulmatec og Dimo, til den lokale klesbutikken T. Riise. Sistnemnte er desidert minst av desse, men leverte sitt beste resultat nokon sinne i 2022.

Ti bedrifter blir valt ut
Framover skal deltakarane snevrast inn til ti bedrifter, ut frå kven som blir vurdert å ha størst vekstpotensiale.

Desse bedriftene skal gjennomføre programmet kalla SMB Utvikling i samarbeid med mentorer i løpet av hausten. Namnet til tross, så er ikkje programmet berre for små og mellomstore bedrifter, forsikrar Andersen.

Bjørnar Nesset Iver Bjørnereim vekstprogram Hareid Foto Marius
ULMATEC-DUO: Bjørnar Nesset og Iver Bjørnereim frå Ulmatec-konsernet var mellom dei som møtte for å høyre om vekstprogrammet. Foto: Marius Rosbach

Samlingar og oppfølging av mentorar
Leif Magne Klubbenes og Geir Myrold er leigd inn og har regien på programmet. Det heile blir finansiert av Vekst i Hareid og støtta av Innovasjon Norge.

Opplegget er basert på samlingar og individuell oppfølging. Mentorane skal ikkje fortelje korleis bedriftene skal drive, men vere ressursar selskapa kan bruke for sjølv å skape vekst og utvikling.

Konkurransekraft, lønnsemd og innovasjonsevne er hovudtema for kva bedriftene skal jobbe med.

Kva ønsker du å få til, kva er hovudutfordringa og risikoane og i kva grad er du klar for oppgåva, er mellom dei grunnleggjande spørsmåla deltakarane blir utfordra.

- Vi forsøke finne ut kvar skoen trykker for å få til vekst og utvikling, sa Myrold til bedriftene under presentasjonen.

Friare i forma enn ÅKP-program
ÅKP har også eit vekstprogram Scale Up, men Klubbenes fortel at deira opplegg skil seg frå ÅKP sitt ved at det famnar breiare.

- Dette er friare i forma og det er større breidde både i utval av bedrifter, og med fleire alternative vegar å utvikle seg, fortel Klubbenes.

Bedriftene som kom til presentasjonen, blei utfordra til å ta kontakt for eit møte. Deretter kan bedriftene ta stilling til om dei vil vere med.

Publisert: 24.04.2023 17:20

Sist oppdatert: 24.04.2023 23:16

Mer om