Bod langt under takst 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NY EIGAR: Industrieigedomen på Moltustranda fekk nye eigarar hausten 2020.
Nytt

Punktum for Sunnmøre Eiendom Moldtu-konkurs

Hadde krav på over 23 millionar kroner mot seg. Vart seld for fem millionar. Bustyret tilrår ikkje konkurskarantene.

15.06.2021

Eigedomselskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu husa fiskeforedlingsselskapet Sunsea og sal-og marknadsføringsselskapet Sunsea Seafood. Etter at dei gjekk konkurs, gjekk også Sunnmøre Eiendom Moldtu overende, og konkurs vart opna i mai 2019.

No er ein lang prosess, som starta med krav om tvangssal alt i 2017, til ende. Bubehandlinga er avslutta fordi der ikkje er midlar i buet til vidare behandling, har Møre og Romsdal tingrett avgjort.

Anlegget vart seld av buet i fjor haust.

Ikkje karantene, under tvil
Edgar Sandanger var aksjonær i Sunnmøre Eiendom Moldtu og styreleiar og dagleg leiar i selskapet. Han hadde også leiande roller i Sunsea-selskapa.

Bustyret skriv i sluttmeldinga til Søre Sunnmøre Tingrett (no ein del av Møre og Romsdal Tingrett) at det er openbert at "krav og samla gjeld i desse selskapa gjev grunnlag for kritikk mot Edgar Ove Sandanger si utøving av rolla som styreleiar/styremedlem i selskapa", heiter det i sluttinnlegget.

Men bustyret finn "under sterk tvil" ikkje grunnlag for å innstille om konkurskarantene.

Grunnen til den vurderinga er at den utløysande årsak til alle konkursane, at Mattilsynet trekte tilbake godkjenninga av produksjonsanlegget til produksjonsselskapet Sunsea sommaren 2017. Det utløyste ein kjedereaksjon som etterkvart drog alle selskapa under.

Innovasjon Norge tapte mest
I alt var det meldt inn 24 krav på tilsaman 23,6 millionar kroner ved konkursen i Sunnmøre Eiendom Moldtu.

Største kreditorar var Innovasjon Norge med eit pantesikra krav på 16 millionar kroner, Sunnmøre Reinhaldsverk med eit krav på 12,2 millionar kroner og Handelsbanken med 2,8 millionar kroner. Sunnmøre Reinhaldsverk sitt krav er eit såkalla legalpantekrav, som stiller først i køa. Det er gjort opp, medan Innovasjon Norge fekk att 2,5 millionar kroner og Handelsbanken 1,6 millionar kroner.

Publisert: 15.06.2021 11:00

Sist oppdatert: 15.06.2021 12:36

Mer om