På veg med 1.100 tonn makrell
Årets beste dag på makrellfeltet. Fleire store fangstar.
Ålesund-båten Strand Senior er no på veg til Lofoten Viking med 1.100 tonn makrell om bord. Fangsten vart tatt natt til fredag.
Ei rekke andre fartøy har også fått gode fangstar. Fram til klokka 14:30 hadde Sildelaget fått meldt inn 73 fangstar på totalt 14.882 tonn, noko som gjer fredagen til årets beste for dei avgåande fartøya som jaktar makrell.
Konsentrert fiske
Fisket foregår på eit konsentrert område i Norskehavet nordaust for Færøyane.
Av andre båtar heimehøyrande på Nordvestlandet har Leinebjørn fredag meldt inn 700 tonn. Fangsten skal leverast til Pelagia Måløy.
Rogne har meldt inn 550 tonn til Nils Sperre på Ellingsøya, Smaragd er på veg med 440 tonn til Pelagia Selje, medan Sæbjørn skal levere 335 tonn til Vikomar.
Bra kvalitet
Det vert meldt om god kvalitet på makrellen, som vert betalt med 14 kroner kiloen eller meir.
Det står no att 64.700 tonn av den totale norske ringnotkvoten på 204.794 tonn. I tillegg er det flekskvote på 19.982 tonn.
Fleire fartøy har no tatt fartøykvoten.
Publisert: 23.09.2022 15:12
Sist oppdatert: 23.09.2022 15:14