Han påpeiker at det framleis er ein sterk etterspurnad etter norske sjømatprodukt og stigande priser.
Nedgang dei neste åra
Anslag for årets førstehandsverdi på kvitfisken er på 15,8 milliardar – ei auke på heile 34 prosent samanlikna med i fjor.
– Fangstmessig blir det eit fantastisk år, påpeika Debess.
Lågare kvoter dei næraste åra vil gi lågare inntekter framover.
I 2023 og 2024 ventar banken ein førstehandsverdi på 14,7 og 14,2 milliardar – ei nedgang på høvesvis 7 og 11 prosent samanlikna med 2022.
Båtar og drivstoff kostar meir
Banksjefen peika samtidig på fleire faktorar som vil gjere det mindre lønnsamt for fiskebåtreiarane framover.
- Auke investeringskostnader både for nybygg og brukte båtar
- Drivstoffkostnader aukar i takt med inflasjonen.
- Prisen på bunkers har truleg etablert seg på eit nytt nivå.
I tillegg møter bransjen auka kostnader som følgje av nye krav til berekraft, samtidig som renta stig.
– Resultatmarginane til reiarlaga vil bli redusert som følgje av dette. Men vi kjem frå eit høgt nivå, så det vil framleis vere i ok inntening, la Debess til.
Publisert: 15.09.2022 15:31
Sist oppdatert: 15.09.2022 15:37