Lars Nehru Sand foto Marius 11
GISKE: NRK-kommentator Lars Nehru Sand deltek på fiskerikonferansen The Next Wave torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ventar meir konflikt for fiskeribransjen

Merksemd i riksmedia er ikkje alltid positivt, påpeika NRKs Lars Nehru Sand under fiskerikonferanse.

Marius Rosbach
15.09.2022

Torsdag var kring 300 deltakarar samla til fiskerikonferansen The Next Wave ved Øygardshallen på Giske.

Lars Nehru Sand var mellom dei som hadde innlegg frå scena og NRK-kommentatoren tok mellom anna tak i kva merksemd fiskeribransjen får frå rikspressen.

– Sett frå dokke sin ståstad, så er det ikkje sikkert at det hadde vore veldig mykje betre om det var meir debatt om næringa, påpeika han.

Han meiner manglande merksemd er ein konsekvens av at bransjen opplever stabile rammevilkår.

Viste til landbruk og oljebransjen
Sand peika på landbruket som ei næring som gjerne får meir merksemd enn fiskeriet langs kysten. Men det er ei næring som er sterkt politisert og med stor usikkerheit kring rammevilkåra frå år til år.

– Eg trur ingen i fiskerinæringa vil tilbake til korleis det var i bransjen på 1960-talet, eller for den saks skyld til den situasjonen som landbruket har no, la han til.

Oljebransjen er ei anna næring som ofte er synleg i rikspressa – men det er gjerne grunna stor usikkerhet kring framtida, påpeika han.

– Eg trur heller ikkje dokke ønsker den usikkerheita som oljebransjen opplever, sa han til dei mange bransjefolka i salen.

Oppmoda til dialog om havvind
NRK-kommentatoren meiner samtidig at det ligg an til fleire konfliktsaker i media framover.

– Det vil bli arealkonflikt med vindkraft til havs, og eg trur dei konfliktene vil vere litt annleis enn næringa har erfaring med tidlegare. Men dei må løysast, understrekar han.

NRK-profilen oppmoda næringa til å vere tidleg ute med å ein dialog både med styresmaktene og vindkraftbransjen.

– Ekstremt vekstpotensiale
Sand meinte også at næringa kan vente seg meir merksemd frå politikarar som ønsker meir verdiskaping og fleire heilårsarbeidsplassar på land.

– Det er ingen tvil om det er ligg eit ekstremt vekstpotensiale – både når det gjeld sjølve fiskeriet, men ikkje minst ved å lage nye type produkt, la Sand til.

Publisert: 15.09.2022 13:41

Sist oppdatert: 15.09.2022 22:20

Mer om