Trygve slagsvold vedum jonas gahr støre valnatta 2021 foto stortinget 11
MEIR OLJEPENGAR: Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Magnus Slagsvold Vedum (Sp) opnar pengesekken og sprøytar ytterlegare 56 milliardar oljekroner inn i norsk økonomi. Foto: Stortinget
Nytt

Pøser 56 nye oljemilliardar inn i budsjettet

Legg fram revidert statsbudsjett klokka 11.

11.05.2023

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Regjeringa aukar oljepengebruken med nesten 56 milliardar kroner og legg seg dermed heilt opptil handlingsregelen for uttak frå oljefondet i revidert budsjett.

Ved å sprøyte 376,2 milliardar kroner inn i budsjettet bruker regjeringa 3 prosent av Statens pensjonsfond utland, betre kjent som oljefondet. Det også grensa for kva handlingsregelen for oljebruk tilrår av årleg uttak over statsbudsjettet.

– Det skal gi tryggleik til arbeidsplassane for folk. Vi skal sikre aktiviteten i sjukehus, politi, forsvar. Og så er det eit heilt nytt element i tillegg i dette budsjettet: Etter vedtak i Stortinget set vi av endå meir pengar til å styrkje forsvaret i Ukraina, og bistand og solidaritet med det ukrainske folket, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han var gjest i Politisk kvarter på NRK torsdag morgon.

Nedgang for fastlands-Noreg
– Anslaga våre no viser at vi skal klare oss gjennom denne perioden utan høg arbeidsløyse og utan den bråstoppen vi har frykta i norsk økonomi, seier finansministeren.

Veksten i Fastlands-BNP – den samla verdiskapinga i norsk økonomi når petroleumsverksemda og utanriks sjøfart er teken ut – er anslått å minke kraftig, til 1 prosent for i år. Til samanlikning auka Fastlands-BNP i fjor med 3,8 prosent.

Ekspansivt budsjett
Den auka pengebruken inneber at regjeringa går frå eit førebels innstrammande budsjett til eit svakt ekspansivt budsjett.

Finansdepartementet anslår at revidert nasjonalbudsjett vil bidra til ein vekstimpuls på 0,3-0,4 prosent i norsk økonomi. Men Vedum peikar på at sidan ein vesentleg del av oljepengebruken går med til å finansiere bidrag til Ukraina, så vil han ha avgrensa effekt på norsk prisvekst.

Økonomisk støtte til Ukraina og den varsla lønns- og prisjusteringa som følgje av kostnadseksplosjonen prisveksten har medført for offentleg sektor, er hovudgrunnane til at regjeringa tek eit så kraftig grep. Ukraina-bidraget åleine står for tre firedelar av den auka pengebruken.

Høgare prisvekst enn venta
Prisveksten åleine er anslått til rundt 5 prosent i år – mot eit anslag på 2,8 prosent då statsbudsjettet vart utarbeidd.

– Sjukehusa og politiet skal kunne drifte vidare som vi hadde planlagt i statsbudsjettet. Alternativet hadde vore anten å auke skattane kraftig eller kutta kraftig i drifta, poengterer Vedum.

Framleis høg aktivitet
Regjeringa ventar framleis vekst i sysselsetjinga og ei uendra arbeidsløyse på låge 1,8 prosent ved utgangen av året.

– Det er framleis høg aktivitet i norsk økonomi, sjølv om veksten blir avdempa. Utviklinga i både produksjon og sysselsetjing har vore sterkare enn anslått i nasjonalbudsjettet, og lønns- og prisveksten er vesentleg høgare enn budsjettert. Framover ventar vi at kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi blir normalisert og at pris- og kostnadsveksten gradvis minkar, men utan ein markert auke i arbeidsløysa, skriv Finansdepartementet i meldinga om tala frå forslaget til revidert nasjonalbudsjett.

Budsjettet samla sett blir presentert av finansminister Trygve Slagsvold Vedum på ein pressekonferanse klokka 11 torsdag.

– Høgare prisvekst enn føresett i statsbudsjettet har ført til at det opphavlege budsjettopplegget ville vorte meir innstrammande enn tiltenkt. Den varsla kompensasjonen for uventa pris- og lønnsvekst vil sikre føreseielegheit og stabilitet i grunnleggjande velferdstenester, skriv departementet.

Publisert: 11.05.2023 09:17

Sist oppdatert: 11.05.2023 09:17

Mer om