NTB n0 Xl M Rs Mds
HUSTADVIKA: Cruiseskipet Viking Sky fekk 23. mars i 2019 motorstans utanfor Hustadvika på Mørekysten. Ingen personar blei skadde i havariet, men over 500 personar måtte evakuerast med helikopter. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB / NPK
Nytt

Rapport: Vil skjerpe regelverket etter Viking Sky

Regjeringas cruiseutval foreslår at skip over 150 meter må få avgrensingar for segling i dårleg vêr.

23.02.2022

I tillegg går utvalet inn for å avgrense talet på passasjerar til Svalbard.

Det kjem fram i ein NOU-rapport levert onsdag. Utvalet meiner det er behov for tydelegare regulering av cruisetrafikken fordi den norske beredskapen ikkje er dimensjonert til å handtere dei mest alvorlege hendingane der det er nødvendig med masseevakuering.

Nær ved å grunnstøyte
Bakgrunnen for rapporten er nestenhavariet for Viking Sky utanfor Hustadvika for tre år sidan. Skipet, med 1.373 passasjerar, fekk motorstans under eit uvêr, dreiv mot land og var nær ved å grunnstøyte.

– Ved aukande cruisetrafikk aukar òg sjansane for at ei ulykke skjer, seier leiar Kjerstin Askholt til NRK. Totalt har utvalet levert 66 tilrådingar til regjeringa.

Set tak på Svalbard-cruise
Utvalet foreslår mellom anna at skip over 150 meter må få avgrensingar i kor dei kan segle basert på vind og bølgjehøgde.

I rapporten blir det òg vektlagd at store avstandar, avgrensa rednings- og helseressursar og uføreseielege vêr- og isforhold gjer at det bør innførast eit tak på 500–750 personar om bord på cruiseskip til Svalbard.

Utvalet meiner i tillegg at det bør øvast meir på nødslep av cruisefartøy, og at det bør innførast internasjonale krav om slepeutstyr om bord i cruiseskip.

– Denne rapporten gir oss eit solid kunnskapsgrunnlag for å utvikle beredskapen vidare, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Publisert: 23.02.2022 12:14

Sist oppdatert: 23.02.2022 12:27

Mer om