NPK-NTB-Alexander Vestrum: Det kjem fram i dei økonomiske utsiktene som banken presenterte tysdag.
Vidare for 2021, 2022 og 2023 ventar DNB ein auke i fastlands-BNP på høvesvis 5 prosent, 3,8 prosent og 1,6 prosent.
– Gitt ei relativ rask gjenopning ser vi for oss at den økonomiske oppgangen i Noreg raskt vil betre seg samanlikna med fallet på 14 prosent i aktivitet som vart målt i slutten av mars. Med restriksjonane gradvis heva, og hjelpt av offentleg forbruk, skal den norske økonomien kunne klare å hente seg inn frå den noverande nedgangen. Likevel vil oljeprisen og hoppet i arbeidsløyse sannsynlegvis føre til ei sakte betring, skriv banken.
– Slik vi ser det, kjem kombinasjonen av ein rask omstart og støttetiltak frå regjeringa til å føre til mindre alvorlege arr i økonomien enn kva som elles hadde vore tilfelle, heiter det.
DNB ser for seg at aktiviteten vil vere nærast upåverka av virustiltak mot slutten av 2021, men veksten er venta å vere låg som følgje av nedturen i 2020.
Etter årets fall i privatforbruket vil det gå over til ein auke på 8,3 prosent i 2021 og 3,6 prosent i 2022, trur DNB.
Når det gjeld løn, spår DNB ein rekordlåg lønsauke på 1,5 prosent både i 2020 og 2021 – med bakgrunn i høg arbeidsløyse og vesentleg lågare aktivitet i ei rekkje bransjar. Dette blir i så fall eit fall i realløn i 2020.
For 2022 og 2023 er det venta ein lønsvekst på 3 prosent.
Samtidig blir den låge styringsrenta venta frå Noregs Bank – for augneblinken 0,25 prosent – å halde seg låg «i overskodeleg framtid». Først mot slutten av utsiktsperioden i 2023 ventar DNB ei varsam renteheving.
Tala som DNB har kome fram til, må lesast med varsemd, understrekar banken. Det blir føresett at spreiinga av koronaviruset er under kontroll òg etter at restriksjonane blir heva.
Vidare for 2021, 2022 og 2023 ventar DNB ein auke i fastlands-BNP på høvesvis 5 prosent, 3,8 prosent og 1,6 prosent.
– Gitt ei relativ rask gjenopning ser vi for oss at den økonomiske oppgangen i Noreg raskt vil betre seg samanlikna med fallet på 14 prosent i aktivitet som vart målt i slutten av mars. Med restriksjonane gradvis heva, og hjelpt av offentleg forbruk, skal den norske økonomien kunne klare å hente seg inn frå den noverande nedgangen. Likevel vil oljeprisen og hoppet i arbeidsløyse sannsynlegvis føre til ei sakte betring, skriv banken.
Mindre alvorlege arr
Kor bra tiltaket til styresmaktene for å støtte næringslivet i praksis vil verke, vil sannsynlegvis vere avgjerande for takta på betring i andre halvår 2020 og vidare inn i første halvår 2021, understrekar storbanken.– Slik vi ser det, kjem kombinasjonen av ein rask omstart og støttetiltak frå regjeringa til å føre til mindre alvorlege arr i økonomien enn kva som elles hadde vore tilfelle, heiter det.
DNB ser for seg at aktiviteten vil vere nærast upåverka av virustiltak mot slutten av 2021, men veksten er venta å vere låg som følgje av nedturen i 2020.
Etter årets fall i privatforbruket vil det gå over til ein auke på 8,3 prosent i 2021 og 3,6 prosent i 2022, trur DNB.
Fall i realløn
Analytikarane i banken ser ikkje for seg at dagens særs høge arbeidsløyse vil vare lenge. Medan den venta registrerte arbeidsløysa i 2020 ligg på 6,7 prosent, ser banken for seg at ho skal falle til 5 prosent i 2021 og 3,6 prosent i 2022.Når det gjeld løn, spår DNB ein rekordlåg lønsauke på 1,5 prosent både i 2020 og 2021 – med bakgrunn i høg arbeidsløyse og vesentleg lågare aktivitet i ei rekkje bransjar. Dette blir i så fall eit fall i realløn i 2020.
For 2022 og 2023 er det venta ein lønsvekst på 3 prosent.
Nedgang i bustadprisane
DNB ser for seg eit fall i bustadprisane på 4 prosent i år – før ei flat utvikling i 2021 og ein auke på rundt 3,5 prosent i 2022 og 2023.Samtidig blir den låge styringsrenta venta frå Noregs Bank – for augneblinken 0,25 prosent – å halde seg låg «i overskodeleg framtid». Først mot slutten av utsiktsperioden i 2023 ventar DNB ei varsam renteheving.
Tala som DNB har kome fram til, må lesast med varsemd, understrekar banken. Det blir føresett at spreiinga av koronaviruset er under kontroll òg etter at restriksjonane blir heva.
Slik vi ser det, kjem kombinasjonen av ein rask omstart og støttetiltak frå regjeringa til å føre til mindre alvorlege arr i økonomien
Publisert: 05.05.2020 10:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56