Kristina Michaelsen Giskem foto Vest studio
ÅTTE TILSETTE: I løpet av det siste året ha dagleg leiar Kristina Michaelsen Giske auka staben i Vest Studio med tre, til åtte. Foto: Vest Studio
Nytt

Rask vekst for Vest Studio

Starta i 2017. Skal passere 10 millionar i inntekter i år.

13.03.2023

Designbyrået Vest Studio i Ålesund har på få år etablert seg som ein av dei større aktørane på Nordvestlandet.

I fjor auka driftsinntektene til 7,6 millionar kroner. I år ventar dagleg leier og medeigar Kristina Michaelsen Giske å passere 10 millionar kroner i driftsinntekter.

Selskapet har auka staben med tre på under eitt år, og med den siste - ein prosjektleiar - er Vest Studio oppe i åtte tilsette, som litt fram i tid kan få ytterlegare eit par kollegaer, ifølgje Michaelsen Giske.

Nordvestlandet er hovudmarknaden
Vest Studio arbeider med utforming av merkevarer, merkevarestrategiar, digitale tenester og nettsider.

Nordvestlandet er hovudmarknaden, og på kundelista står mellom andre Flakk Gruppen, logistikk- og robotiseringsselskapet Solwr, WWF (Verdas naturfond) og Kaab Mikrobryggeri.

Michaelsen Giske meiner Vest Studio er ein del av ein bransje i vekst, også på Nordvestlandet.

Vest Studio as
Tall i mill. kroner20222021
Driftsinntekter7,65,6
Driftsresultat0,70,8
Resultat før skatt0,70,7

Tilsette medeigarar
Fleire tilsette som kom tidleg inn i selskapet er også medeigarar.

Av aksjonærane er det berre styremedlemane Henning Gjerde og Mathias Haddal Hovet som ikkje jobbar i selskapet.

Dette er eigarane:

  • Eivind Søreng Molvær 17,5 prosent
  • Live Bergitte Molvær 17,5 prosent
  • Anglo Studios AS (Morten Horn/Henning Gjerde) 15,0 prosent
  • Kristina Michaelsen Giske 15,0 prosent
  • Untitled AS (Mathias Haddal Hovet) 15,0 prosent
  • Hanne Vegsund Fagerslett 10,0 prosent
  • Steinar Borø 10,0 prosent

Publisert: 13.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.03.2023 11:36

Mer om