Dagleg leiar Kristin Clemet i tankesmia Civita etterlyste meir forståing for kva det betyr at ein har eit blomstrande næringsliv då ho deltok på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag.
– Vi forsøker å gjere det interessant på tvers av bransjar og håpar at det kan bidra til at det vert skapt nye kontaktar, seier dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta næringskontor til NETT NO.
Meir frå næringskonferansen:
– Nokon må få lov til å verte rike for at ein skal kunne skape ein bedrift. Eg synest retorikken kring dette er negativ og skadeleg. Vi kjem til å bli mykje meir avhengige av den delen av næringslivet som ikkje er avhengig av olje, vekser seg store og blomstrar over heile landet, påpeika ho.
Clemet ønska at slike perspektiv fekk meir plass i den politiske debatten.
– Det er forskjell på debatten i Oslo og her. Her er det mogleg å snakke om vilkåra for næringslivet, utan å verte bua ut. Men slike innlegg vert i alt for liten grad halde i hovudstaden og dei sentrale politiske miljøa, sa Clemet og vart møtt med spontan applaus frå salen.
Trass i at Norge har nytta store delar av oljeinntektene til å finansiere ein større offentleg sektor, meiner Clemet det er grunn til å stille spørsmål ved kor effektivt pengane har vore nytta.
– Vi får ikkje meir ut av det enn våre naboland, sjølv om vi har brukt meir, sa ho.
– Det er viktig å hugse på at dei aller rikaste truleg nyttar kring 98 prosent av inntektene sine på arbeidsplassar, sa Clemet.
Civita-leiaren meinte det private næringslivet viste god forståing for verdien av ein god og velfungerande offentleg sektor.
– Eg ser mindre forståing frå den andre sida, for betydninga av å ha eit velfungerande, blomstrande og veksande privat næringsliv. Vi treng private eigarar enno meir i framtida med den utviklinga vi ser i oljen, påpeika ho.
Meir frå næringskonferansen:
Fullsett sal
Salen ved Ørsta kulturhus var fullsett med kring 255 påmeldte under den sjuande utgåva av næringskonferansen. Også i år var det varierte tema med innlegg frå alt frå Kristin Clemet og NHO sin sjeføkonom Øystein Dørum, til proffboksar Cecilia Brækhus og skodespelar Bjarte Hjelmeland.– Vi forsøker å gjere det interessant på tvers av bransjar og håpar at det kan bidra til at det vert skapt nye kontaktar, seier dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta næringskontor til NETT NO.
Meir frå næringskonferansen:
– Skadeleg retorikk
Temaet i Kristin Clemet sitt innlegg, var kva for fordelar den nordiske modellen har – men ho nytta samstundes anledninga til å refse manglande forståing for næringslivet i oslogryta.– Nokon må få lov til å verte rike for at ein skal kunne skape ein bedrift. Eg synest retorikken kring dette er negativ og skadeleg. Vi kjem til å bli mykje meir avhengige av den delen av næringslivet som ikkje er avhengig av olje, vekser seg store og blomstrar over heile landet, påpeika ho.
Clemet ønska at slike perspektiv fekk meir plass i den politiske debatten.
Rosa haldninga på Nordvestlandet
Like mykje som ho refsa forståinga i hovudstadsområdet, rosa ho haldninga til næringslivet på Nordvestlandet.– Det er forskjell på debatten i Oslo og her. Her er det mogleg å snakke om vilkåra for næringslivet, utan å verte bua ut. Men slike innlegg vert i alt for liten grad halde i hovudstaden og dei sentrale politiske miljøa, sa Clemet og vart møtt med spontan applaus frå salen.
Trass i at Norge har nytta store delar av oljeinntektene til å finansiere ein større offentleg sektor, meiner Clemet det er grunn til å stille spørsmål ved kor effektivt pengane har vore nytta.
– Vi får ikkje meir ut av det enn våre naboland, sjølv om vi har brukt meir, sa ho.
Sakna forståing i offentleg sektor
Den tidlegare høgrepolitikaren sa at ho gjerne såg at hus, hytter og dyre bilar vart skattlagt meir enn i dag – men åtvara mot skattlegging som råkar bedriftene.– Det er viktig å hugse på at dei aller rikaste truleg nyttar kring 98 prosent av inntektene sine på arbeidsplassar, sa Clemet.
Civita-leiaren meinte det private næringslivet viste god forståing for verdien av ein god og velfungerande offentleg sektor.
– Eg ser mindre forståing frå den andre sida, for betydninga av å ha eit velfungerande, blomstrande og veksande privat næringsliv. Vi treng private eigarar enno meir i framtida med den utviklinga vi ser i oljen, påpeika ho.
Meir frå næringskonferansen:
Her er det mogleg å snakke om vilkåra for næringslivet, utan å verte bua ut
Publisert: 11.04.2019 21:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33