Kristi Slotsvik Jan Rune Hurlen Elisabeth Remoy foto Marius
MEIR STØTTE: ÅKP-sjef Kirsti Slotsvik, banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN og rådgivar Elisabeth Remøy. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Regionbank med kraftig auke i støtta til ÅKP

Rustar opp hjelpa til vekstbedrifter med satsing på eksporttilbod.

Marius Rosbach
25.02.2026

Sparebank 1 SMN har bestemt seg for å auke støtte til ÅKP kraftig dei neste åra. Det gjer at innovasjonsselskapet kan vente seg tre millionar kroner frå banken kvart år til og med 2028. 

Tidlegare har den årlege støtte frå banken vore på 1,5 til 2 millionar kroner. 

– Det gir oss sjansen til å gjere meir av det vi veit verkar, seier ÅKP-sjef Kirsti Slotsvik til Nett No. 

– Ei utarming av regionen
Banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN fortel at dei har bidrege med pengar til ÅKP i snart 20 år. Motivasjonen er først og fremst å skape meir aktivitet i næringslivet. 

– Vi ser dei same utfordringane som alle andre for regionen. Gode bedrifter blir ofte selt til utlandet, og hovudkontorfunksjonar blir flytta vekk. Det er ei utarming av regionen som vi ikkje ønsker oss, legg banksjefen til. 

Han påpeiker at banken er spesielt opptekne av å støtte oppunder miljøet på Campus Ålesund.

–  Det å gjere NTNU-miljøet i stand til å etablere nye bedrifter, er utruleg viktig sett frå vår ståstad, legg Hurlen til. 

Styrker eksporttilbod
Som følgje av den auka støtta frå banken, kan ÅKP styrke tilbodet «ScaleOut», som skal hjelpe bedrifter til å auke eksporten.

 – Eksport er ekstremt viktig for denne regionen og vi har snakka om at vi ønsker å gjere noko på dette området. No utvidar vi samarbeidet med Sparebank 1 SMN og følgjer bedriftene ut i verda, fortel Elisabeth Remøy som er seniorrådgivar i ÅKP. 

Ho påpeiker at mange selskap ønsker å slå gjennom på ein internasjonal marknad – og at ÅKP skal gi dei praktisk hjelp til å lukkast. 

Det kan vere alt frå marknadsundersøkingar og vurderingar om bedrifta er rigga best mogleg for nettopp denne marknaden, til praktisk hjelp med sjølve gjennomføringa. 

Vil jobbe meir med etablerte bedrifter
Allereie komande fredag er det invitert til nettverkssamling for bedrifter som vil vere med på den styrka eksportsatsinga. 

Frå før har ÅKP programtilboda StepUp – som er retta mot bedrifter som vil avklare vekstpotensialet sitt, og ScaleUp – for bedrifter som har bestemt seg for at vil satse mot vekst.

Kiristi Slotsvik fortel at ÅKP framover vil jobbe meir med å hjelpe etablerte selskap til vekst og eksport - enn å vere «fødselshjelparar». 

Ho understrekar at ÅKP framleis vil jobbe med oppstartsbedrifter, men då særleg dei med tydeleg potensial for vekst og innovasjon. 

– Vi ser også at den statlege satsinga på gründerane går tilbake, legg Slotsvik til. 

– Det er ganske unikt 
ÅKP-rådgivar Elisabeth Remøy påpeikar at mykje av arbeidet og samlingane, er avhengige av at folk i næringslivet stiller opp. Ho roser innsatsen desse legg ned mellom anna som mentorer på programma deira. 

– Det er ganske unikt det vi har klart å bygge opp her i regionen. Folk har eit felles ønske å bygge næringslivet. Og ved at dei bidreg, så får dei også noko tilbake, seier Remøy. 

Med auka støtte frå banken håpar dei samtidig å kunne bruke meir ressursar mot nettverket av tidlegare deltakarar. 

Publisert: 25.02.2026 10:32

Sist oppdatert: 25.02.2026 10:32

Mer om