Leiar Heidi Nakken i Næringsforeininga i Ålesund er mellom dei som fredag fekk med seg planane til Jangaard Export om å flytte hovudkontoret frå Ålesund.
– Det er verkeleg synd om dette blir ein realitet for Haagensen og Jangaard. Dei er ei viktig bedrift for Ålesund og klippfisken er vår sjampanje, seier ho til Nett No.
Ho påpeiker at ho kjenner Haagensen-familien som store Ålesund-patriotar, og trur ei slik avgjerd har kome etter svært grundige vurderingar.
– Når sjølv dei, trass sin patriotisme, vurderer å flytte ut hovedkontoret, så er det eit skikkeleg varsko – og veldig trist, seier Nakken.
– Det viser at vi må jobbe enda hardare for at rammevilkåra her heime skal bli betre, legg ho til.
– Opplever at dei ikkje blir verdsett
– Når næringslivet over tid opplever at dei ikkje blir verdsett, men tvert imot blir snakka ned og teke for gitt, så skjønar eg at ein gjer slike vurderingar som Haagensen gjer. Eg trur mange bedrifter ikkje føler seg viktige, eller velkomne med rammevilkåra dei møter i dag, seier Nakken.
Ho trekkjer fram straumkostnader som eitt område, der næringslivet er blitt pålagt større utgifter, samtidig som privat forbruk blir subsidiert.
– Eg meiner ikkje at løysinga er å subsidiere bedriftene. Vi må ha meir straum og betre nettkapasitet. Men i staden for at myndigheitene legg seg i selen for bygge ut og betre vilkåra, så subsidierer dei privat forbruk og lener seg tilbake. Bedriftene må berre tåle prisane som følger, seier ho.
– Straum er berre eitt av fleire områder der myndigheitene har gjort det tøffare å drive verksemd her i landet, legg Nakken til.

Planlegg utflytting i løpet av få år
I eit intervju med Nett No fredag fortalde Gunnar Haagensen at familiekonsernet reknar med å flytte hovudkontoret for fiskeriverksemda i Jangaard Export ut av Ålesund – og landet - løpet av eit par år.
Haagensen sjølv har ingen planar om å bli skatteflyktning, og vil bli buande i Ålesund.
Men ved å etablere eit hovudkontor i utlandet vil driftsutgifter, finansiering og tilgang på EU-støtte gjere det lønsamt å flytte verksemda som omsette for kring 2,8 milliardar kroner i 2024.
Linda Strømmen som er banksjef for næringsliv i Sparebanken Møre skriv i ein e-post at dei er opptekne av at regionen skal ha eit robust næringsliv og levande lokalsamfunn.
«Vi ønsker at verdiskaping og arbeidsplasser utvikles lokalt, men vi har stor forståelse for at krevende og skiftende rammebetingelser kan påvirke de strategiske vurderinger som bedriftene må gjøre», opplyser ho vidare.
Frp-ordførar peiker på regjeringa
Ålesund-ordførar Håkon Lykkebø-Strand meiner det vil vere eit tap for byen om Jaangaard-konsernet flyttar hovudkontoret og kryssar fingrane for at dei blir verande.
– Eg er glad og stolt over den jobben selskapet og familien har gjort for Ålesund. Dei har bidrege sterkt til at Ålesund er Norges sjømathovudstad, og bidrege enormt til byutviklinga dei siste tiåra, seier han til Nett No.
Frp-ordføraren er ikkje sein om å rette peikefingeren mot regjeringa – og meiner det beste vil vere om det kom til eit maktskifte.
– Totalen i rammevilkåra for næringslivet vårt er blitt betydeleg svekka under Ap-regjeringa dei siste åra, seier han.

Håpar på fleirtal på Stortinget
Ålesund-ordføraren peiker samtidig på at det er snakk om ei mindretalsregjering der ein kan «køyre slalåm» mellom blokkene for å få til endringar.
– Med ei slik svak regjering håpar eg iallfall at dei partia som har næringslivet lengst framme i pannebrasken, finn saman på Stortinget og får til løysingar som kan gjere situasjonen betre på kortare sikt, seier han.
Han trekkjer fram formuesskatten som eit eksempel:
– Om vi kan få ned skatterekninga som mange bedriftseigarar må betale i dag, så kunne vi gjort noko som kunne hjelpe norske bedriftseigarar, som Haagensen, spesielt i konkurransen mot utanlandske eigarar som ikkje må betale formuesskatt, legg Håkon Lykkebø-Strand til.
Publisert: 21.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 21.02.2026 00:05






