Geo Barents skuteside innfelt øystein uksnøy Foto Leger Uten Grenser ogne 11
MIDDELHAVET: Uksnøy & co-skipet Geo Barents er i arbeid for Leger Utan Grenser i Middelhavet. Dagleg leiar Øystein Uksnøy (innfelt) ser no positive teikn for reiarlaget. Foto: Leger Utan Grenser/Ogne Øyehaug
Nytt

Reiarlag ser lysning etter tøffe år

I fjor var det smått med arbeid for dei fire skipa til Uksnøy. I år ser det lysare ut, og eitt av skipa reddar båtflyktningar i Middelhavet.

22.09.2021

Det er skipet Geo Barents som er i arbeid for Leger utan grenser i Middelhavet.

Skipet skal arbeide for den humanitære organisasjonen ut året, og kom i arbeid i midten av juni etter å ha vorte oppgardert ved Fiskerstrand Verft.

Skipet til Uksnøy & Co-reiarlaget i Ålesund er i utgangspunktet eit seismikkskip, men var før oppdraget i Middelhavet nytta som innkvartering i vindkraftmarknaden.

Geo Barents var i år sikra seismikkarbeid for Seabird Exploration, men i april blei det kjent at dette oppdraget var gått til eit anna selskap, fordi Uknsøy hadde sikra anna arbeid til skipet.

Libya
Ifølgje Marine Traffic er no Geo Barents utanfor kysten om Libya. Om bord er det personell frå Leger Utan Grenser, medan Uksnøy-reiarlaget har ansvaret for det maritime mannskapet.

Kontrakten er godt nytt for reiarlaget som sleit med innteninga i fjor.

Totalt omsette selskapet for 24,9 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 0,6 millionar.

(saka held fram etter tabellen)

Uksnøy & co
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 24,9 29,5
Driftsresultat 0,8 1,7
Resultat før skatt 0,6 1,3

Positive trendar
Selskapet har også skipa Rig Andromeda, Tanux I og Tanux III, og i fjor var det berre eitt av skipa som hadde oppdrag heile året.

I år har derimot alle skipa vore i arbeid, men i kortare periodar.

Styret skriv i årsrapporten at 2020 var eit krevjande år med lav oljepris og korona, i tillegg til at restriksjonar under pandemien gjorde det praktisk vanskeleg å få til effektiv drift av skipa.

Men no ser styret positive trendar, og har god tru på at det vil verte aukande etterspørsel etter dei tenestene som selskapet leverer.

Styret viser også til at skipa er godt vedlikehaldne og alle klassekrav er oppfylte.

Spansk rettssak
Selskapet hadde ved årsskiftet eit akkumulert udekka tap på 17,8 millionar kroner, og opplyser at ein har fått utsetjing på både renter og avdrag med kreditorane.

Selskapet har også ein rettstvist gåande i Spania etter at ein fekk eit oppdrag kansellert. Uksnøy vann første rettsrunde, men avgjersla er anka.

Dagleg leiar Øystein Uksnøy er den dominerande aksjonæren i Uksnøy & co.

Publisert: 22.09.2021 11:02

Sist oppdatert: 22.09.2021 11:15

Mer om