Mindre vekst enn venta 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MEDVIND: Sperre Air Power (tidlegare Sperre Industri) aukar talet på tilsette for å få oppdraga unna. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordår for Sperre Air Power

Fekk drahjelp både frå marknaden og valutakursutviklinga.

08.05.2023

2022 blei eit rekordår for Ellingsøybedrifta Sperre Air Power, både målt etter driftsinntekt og lønsemd.

Industriselskapet har ein sterk posisjon internasjonalt i den maritime marknaden for sine startluftkompressorar (blir brukt til å starte motorar) og lagar også startluftkompressorar for dieselkraftverk.

I fjor kom mellom anna cruisemarknaden tilbake. Sperre Air Power hentar omlag 90 prosent av inntektene sine frå utlandet. Der er dollar det viktigaste betalingsmiddelet, og ei svak krone i fjor medverka også til auka inntekter målt i kroner i fjor. Selskapet har ein del innkjøpskostnadar i Euro. Det slår motsett veg, men alt i alt var valutautviklinga gunstig i fjor.

God start på 2023
Så langt i år har ikkje vinden snudd.

- Det ser bra ut i år også, seier dagleg leiar Ole Nustad.

(artikkelen held fram under tabellen)

Sperre Air Power as

Tal i mill. kroner

20222021
Driftsinntekt456,9374,2
Driftsresultat125,581,0
Resultat før skatt134,381,7

Sperre Air Power (tidlegare Sperre Industri) er hovudselskapet i konsernet Sperre Compressors. Ved utgangen av 2022 hadde selskapet 83 tilsette. Fleire oppdrag har gitt fleire tilsette, og Nustad seier Sperre Air Power framleis rekrutterer.

Kjøpte ut familien
To fond forvalta av Norvestor Equity kjøpte våren 2020 94 prosent av aksjane i verksemdområdet Sperre Compressors frå Sperre Mek. Verksted. Resten av aksjane blir eigd av leiinga i selskapet.

Sperre Mek. Verksted er eigd av tredje generasjon i Sperre-familien.

Publisert: 08.05.2023 15:14

Sist oppdatert: 09.05.2023 01:19

Mer om