- Eg får ta ut utbyte når eg treng pengar. No har eg ikkje behov for noko utbyte, seier han.
Heileigde Vartdal Invest hadde salsinntekter på solide 211 millionar kroner i 2014, opp frå 130 millionar kroner året før.
- Det er bra, men det må også vere så pass ettersom lakseprisane var så høge i 2014.
Matfiskkonsesjonane er i Vartdalsfjorden og Voldsfjorden, medan setjefiskanlegga er på Urke og på Vartdal.
Ottar Vartdal kontrollerer dermed heile verdikjeda fram mot sal.
- Vi har no store utbyggingar på gang. Der vil det gå med nokre titals millionar.
I 2013 sleit selskapet med etterverknader etter orkanen Dagmar, der det gjekk med mykje smolt. No er derimot det meste på skinner.
- 2015 teiknar også til å verte eit bra år, seier Vartdal.
Urke Fiskeoppdrett trekkjer derimot ned, med eit driftsresultat på minus to millionar kroner.
- Vi har sett i verk tiltak for å betre innteninga her, seier Vartdal.
I konsernet er det no 40 tilsette, fordelt på 12 menn og 28 kvinner.
Heileigde Vartdal Invest hadde salsinntekter på solide 211 millionar kroner i 2014, opp frå 130 millionar kroner året før.
- Det er bra, men det må også vere så pass ettersom lakseprisane var så høge i 2014.
Store utbyggingar
Gjennom Vartdal Invest eig Ottar Vartdal fire matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg og eige slakteri og fryseri på Vartdal.Matfiskkonsesjonane er i Vartdalsfjorden og Voldsfjorden, medan setjefiskanlegga er på Urke og på Vartdal.
Ottar Vartdal kontrollerer dermed heile verdikjeda fram mot sal.
- Vi har no store utbyggingar på gang. Der vil det gå med nokre titals millionar.
Dagmar-etterverknader
Vartdal starta med fiskeoppdrett saman med faren i 1979/80, og har drive med dette heile sitt vaksne liv.I 2013 sleit selskapet med etterverknader etter orkanen Dagmar, der det gjekk med mykje smolt. No er derimot det meste på skinner.
- 2015 teiknar også til å verte eit bra år, seier Vartdal.
Godt av Aqua Farms
Av dei heileigde dotterselskapa er det Aqua Farms Vartdal som gjer det klart best, med eit driftsesrultat på 27,5 millionar kroner i 2014.Urke Fiskeoppdrett trekkjer derimot ned, med eit driftsresultat på minus to millionar kroner.
- Vi har sett i verk tiltak for å betre innteninga her, seier Vartdal.
I konsernet er det no 40 tilsette, fordelt på 12 menn og 28 kvinner.
2015 teiknar også til å verte eit bra år
Publisert: 06.07.2016 09:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45





