Enorm auke i rekeeksporten til Kina
KINA: Aukande interesse for norsk sjømat i Kina, no også stor auke i rekesalet. Her frå Norway China Seafood Summit i fjor. Innfelt dagleg leiar Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway.
Nytt

Enorm auke i rekeeksporten til Kina

No vil ikkje kinesarane berre ha norsk laks. Dei vil også ha reker fiska av sunnmørske reketrålarar.

11.06.2020
- Vi har jobba mot Kina sidan vi starta selskapet i 2007. No ser det endeleg ut til at vi skal få eit skikkeleg gjennombrot.
Det seier dagleg leiar Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway.
- Vi har ikkje nubbesjans å konkurrere på pris. Alt dreier seg om kvalitet, og vi ser no at stadig fleire kinesarar fokuserer på kvalitet.
- Spesielt gjeld det mødre som vil at borna skal ha trygg og sunn mat, seier Vestre.

Alt skal skje frå Norge

Coldwater Prawns of Norway består av tre selskap som driv rekefiske; Olympic Seafood (kontrollert av Stig Remøy), Arctic Swan (kontrollert av Einar Jan Remøy) og Remøy Havfiske (kontrollert av Olav Remøy), samt Knut Helge Vestre sitt selskap Pandalus Invest. Dei fire eigarane eig 25 prosent kvar.

Det er spesielt kokt og pilla reke som aukar. Alt vert gjort ved fabrikken på Senja, og det går mest av pakningar på rundt 200 gram.
Vestre seier at det ikkje er aktuelt å flytte noko av produksjonen til Kina eller andre asiatiske land.
- Nei, det er ikkje tema. Vi har ein fabrikk som ingen andre kan måle seg med. Vi tar også vare på absolutt alt frå reka, inkludert rekeskalet, og vi skal heller auke aktiviteten her enn å redusere den.
- Vi kan ta imot meir industrireker franover, så dei norske trålarane må gjerne fiske reker så kan vi kjøpe det som vert landa.

Opp 556 prosent

Dei faktiske tala viser at hittil i år har eksporten av norske reker til Kina auka med 556 prosent.
- Med fokus på sunn og ernæringsrik mat, som smakar godt og er enkel å tilberede, har norske kaldtvassreker suksess i Kina, seier fiskeriutsending Victoria Braathen til NETT NO.
Ho seier at maitala for norsk sjømateksport viser ein markant auke for både frosne og pilla reker til Kina.

Skaldyrkampanje

No skal det satsast ytterlegare. Saman med næringa har Sjømatrådet gått i gang med ei satsing på reker og anna norsk skaldyr i Kina.
- Utviklinga vi ser no gir eit veldig godt utgangspunkt for vidare marknadsarbeid for norske reker i Kina, seier Braathen.
Ho opplyser at reker utgjer 50 prosent av skaldyrimporten til Kina, men hittil har det vore varmtvassreker som har dominert.
Men no har stadig fleire kineserarar fått opp augene for kaldtvassreker.

- Veldig glade i reker

Her har dei største aktørane vore Canada og Grønland, før Norge no kjem inn for fullt.
Victoria Braathen seier at kinesiske konsumentar er veldig glade i reker.
- Kaldtvassrekene er kjende for å vere letta å ete og i tillegg vere næringsrike, seier ho.
Coldwater Prawns of Norway leverer rekeprodukt til 24 ulike marknader. Hittil står Kina for ein liten del av den totale omsetninga, men Knut Helge Vestre seier at det no vert satsa offensivt på Kina og resten av Asia.
- Den positive utviklinga held fram i juni, og det ser veldig bra ut framover.

Auka nettsal

Han seier at koronapandemien også hadde positiv effekt for rekesalet i Kina ettersom mange bestilte varer på nett, i staden for å gå på marknad eller til butikken.
- Vi var allereie godt posisjonerte for netthandel gjennom våre samarbeidspartnerar. Men no ser vi at netthandelen held fram, samstundes som at vi sel meir gjennom supermarknadskjedene som har våre produkt.
- Vi har jobba målretta mot Kina i 13 år. Det er godt å sjå at ein no ser ut til å lukkast, seier Vestre.
Vi har ikkje nubbesjans å konkurrere på pris. Alt dreier seg om kvalitet, og vi ser no at stadig fleire kinesarar fokuserer på kvalitet

Publisert: 11.06.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58