Kan ta dobbel pris for Grønlandsreker
Første rekefangst av norsk fartøy på 12 år.
Mannskapet på Arctic Swan kunne ta påskeferie etter å ha levert 420 tonn reker. Trålaren er den første norske båten på 12 år som har deltatt i dette fisket, ifølgje interesseorganisasjonen Fiskebåt.
Coldwater Prawns of Norway-sjef Knut Vestre tok i mot fangsten som blei lossa i Gangstøvika i Ålesund. Han likte både det han såg – og smakte av rekene som er vesentleg større enn dei som blir fiska i Barentshavet.
Større og dyrare
Sjølv om Coldwater Prawns of Norway marknadsfører dei på same vis som Barentshav-rekene, betyr større reker betyr også høgare pris,
– Desse rekene blir dyrare ut til forbrukar enn det våre reker brukar å vere. Truleg vil prisen bli om lag den doble, men så er rekene ein gode del større, og kan såleis vere enda meir attraktive for kundane, seier Vestre til Fiskebåt si heimeside.
Dei største rekene frå Barentshavet har som oftast storleiken 70-90, som betyr at det i snitt er 70 til 90 reker per kilo. Grønlandsrekene er større og kring 25 prosent av fangsten er i storleiken 50-70 reker per kilo.
(saka held fram under)
Bestanden i ferd med å ta seg opp
Rekebestanden på Grønland har vore nede i ein bølgedal dei siste åra, men no er bestanden i ferd med å ta seg opp igjen.
Ifølgje Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt, gjer det at fleire reiarlag vurderer å ta opp att dette rekefiske. Norge har ei rekevote på 1701 tonn på Aust-Grønland i år, og Maråk meiner det er viktig at kvota blir fiska.
Høge drivstoffkostnader og godt rekefiske i Barentshavet kan sette ein stoppar for målsettinga.
Publisert: 18.04.2022 05:01
Sist oppdatert: 18.04.2022 01:59