Bjørn Helge Vik Slettvoll foto Ogne
TIL MALLORCA: Slettvoll-konsernet vil opne showrom i Palma på Mallorca i år, fortel Slettvoll-sjef Bjørn Helge Vik. Frå før har konsernet butikkar i Stockholm, Gøteborg, Malmø og Københamn og 30 prosent av inntektene kjem frå utlandet.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordinntekt for Slettvoll i 2022

I år er det tøffare tider.

29.06.2023

- Eit ganske svakt år, seier dagleg leiar Bjørn Helge Vik i Slettvoll Møbler-konsernet om forventingane for 2023.

Han vil ikkje talfeste nedgangen i driftsinntektene for 2023 så tidleg i året, men seier endringane er store samanlikna med 2022.

I fjor sette konsernet ny rekord i driftsinntekter, 422 millionar kroner. (Sjå tabell). I 2019, siste år før koronapandemien kom, var driftsinntektene 293 millionar kroner.

Etablering på Mallorca
Det familieigde Slettvoll-konsernet har fabrikk og hovudkontor på Stranda, og har ei eiga butikkkjede med i alt 18 av butikkar, både eigde og franchisedrivne. Fire butikkar i utlandet, Stockholm, Gøteborg, Malmø og Københamn, er alle eigde og drivne av konsernet sjølv og 30 prosent av inntektene til konsernet kom frå eksport i fjor. Den samla driftinntekta frå butikkane var 480 millionar kroner i fjor, opp frå 475 millionar i 2021.

No er selskapet i ferd med å førebu neste utanlandssatsing, eit showroom i Palma på Mallorca i Spania. Selskapet vil ha ein representant der frå oktober i år.

Flytta heim produksjon
"2022 ble et meget godt år for Slettvoll Møbler. Vi leverer all-time-high retail-omsetningen og god lønnsomhet i konsernet i et svært krevende marked.", seier Vik i ei pressemelding.

Dei siste åra har konsernet flytta heim produksjon. Med unntak av utemøblane og interiørvarene blir alle Slettvoll-møblar produsert på Stranda og underleverandørane er norske.

Heimflyttinga har vore ein suksess, med kontroll på heile verdikjeda som den største gevinsten, ifølgje Vik.

Dobbel valuta-effekt
I år påverkar valutakursutviklinga selskapet negativ på to måtar:

Importerte råvarer og komponentar til underleverandørar, eller Slettvoll-konsernet direkte blir dyrare på grunn av svakare krone. Svak krone gir også større prisauke i Noreg fordi alle importerte varer blir dyrare, og det er med og påverkar kjøpekrafta til potensielle kundar.

Drahjelp av godvêret
Det gode veret hittil i sommar har gitt konsernet drahjelp.

"Året startet svakt, men har hatt en oppsving, og vi oppnår nå omsetning i tråd med budsjettet fra midten av februar. Spesielt utendørsmøbler opplever en positiv utvikling, og vi ser tydelig effekten av godt vær i Skandinavia gjennom hele juni måned. Makrobildet har gjennomgått dramatiske endringer etter pandemiårene, og det har vært en markant endring i forbruket siden sommeren 2022. Jeg tror ikke på en rask løsning for de makrofaktorene som driver mye av etterspørselen i markedet. Den brå nedgangen i fritidsboligmarkedet, rekordlav igangsetting av nye boliger, i tillegg til økte renter og inflasjon, utgjør utfordrende rammebetingelser for vekst. I en slik situasjon er vårt hovedfokus å ta vare på kundene våre, etablere ny distribusjon, bryte mønstre og ha god kostnadskontroll gjennom hele verdikjeden," seier Vik i pressemeldinga.

Slettvoll Møbler as (konsern)

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt422408
Driftsresultat4458
Resultat før skatt4555
Slettvoll Ålesund as (butikken i Ålesund)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt18,220,5
Driftsresultat1,02,4
Resultat før skatt1,02,4

Publisert: 29.06.2023 11:28

Sist oppdatert: 29.06.2023 11:36

Mer om