Bjørn Helge Vik Slettvoll foto Ogne
OMSLAG I APRIL: I april kom dei første teikna om at den kraftige veksten for møbelbransjen byrja å flate ut, fortel Slettvoll Møbler-sjef Bjørn Helge Vik. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utflating i møbel

Etter 40 prosent vekst dei to siste åra merkar Slettvoll Møbler-sjef Bjørn Helge Vik at det flatar ut.

17.08.2022

- Det blir tøffare framover, seier dagleg leiar Bjørn Helge Vik i Slettvoll Møbler-konsernet.

Frå 2019 til 2021 auka driftsinntektene til konsernet frå 293 til 407 millionar kroner, og resultatet før skatt i fjor blei heile 54,8 millionar kroner. Det tilsvarar eit resultat før skatt på 13,4 prosent av driftsinntektene.

- Vi er fornøgd med fjoråret, seier Vik.

Koronaopptur
Slettvoll Møbler-konsernet er både produsent og forhandlar, med fabrikk på Standa og sine eigne butikkar i Noreg, Sverige og Danmark. Åtte av butikkane i Slettvoll Møbler-kjeda er eigd av konsernte, 11 har franchiseavtalar.

Då koronapandemien kom og folk måtte halde seg heime førte det mellom anna til at dei brukte meir pengar på å pussa opp og fornye møblementet. Det merka også Slettvoll.

No, når folk kan reise på ferie som før, aukar reisebudsjettet igjen.

Vik seier bransjen såg dei første teikna til ei endring i april i år og den har forsterka seg utover sommaren.

Utflating
Han meiner det for Slettvoll sin del er snakk om ei utflating, ikkje eit fall. Salet så langt ligg over budsjett og Vik reknar med at Slettvoll Møbler-konsernet skal ende med vekst også i år.

Selskapet er eigd av familiemedlemane Mari Vik-Slettvoll, Live Slettvoll Myklebust, Torill Irene Slettvoll og Anne Lise Slettvoll, gjennom selskapet SM Bygg. Dagens eigarar er andre og tredje generasjon eigarar.

Slettvoll Møbler as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt406,7324,7
Driftsresultat57,635,4
Resultat før skatt54,836,9

Publisert: 17.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.08.2022 01:02

Mer om