Vard kontrakt til 150 millioner 859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c
4,5 MILLIARDAR: Ved inngangen til 2025 hadde Vard Electro oppdrag for 4,5 milliardar kroner. Det sikra full sysselsetting ut 2027 og delvis inn i 2028. Illustrasjonsfoto: Vard
Nytt

Rekordinntekt for Vard Electro

Tjukk ordrebok og optimisme for all alle deler av marknaden.

23.06.2025

Vard Electro er eit datterselskap av italienskeigde Vard Group, gjer skipselektrooppdrag både for eigarselskapet, men og for andre. Hovudkontoret er Tennfjord, med avdelingar i Noreg, Romania, Italia, India, Singapore, Vietnam, Brasil, Canada og USA.

I 2023 passerte selskapet inntektsrekorden frå 2014 (1,7 milliardar kroner) målt i nominelle kroner. I år auka inntektene enda meir, og vart høgare enn 2014 også justert for prisauke i perioden.

Arbeid inn i 2028
Ifølgje årsmeldinga for 2024 har Vard Electro så mange oppdrag i arbeid at selskapet har sikre full sysselsetting for sine tilsette både i 2026 og 2027 og også delvis i 2028. Ordeinngang var på 3,5 milliardar kroner i fjor og orderboka var på 4,5 milliardar kroner ved starten av 2025. Det er ein auke på 700 millionar kroner frå året før. 

Det er auke og gode utsikter i alle deler av marknaden, offshore vind, olje og gass, i tillegg til at også cruisemarknaden har kome attende, fortel selskapet i årsmeldinga. 

Oljeopptur
Etter oljepriskrakket i 2014 har bygging av nye offshorefartøy til denne bransjen vore relativt liten, men Vard Electro ventar no ei stor flåtefornying i komande år. 

Slik verdssituasjonen har blitt, ventar Vard Electro auka etterspørsel etter olje og gass. Selskapet trur og det sakte, blir klart kva som blir alternative drivstoff til olje og gass. Det vil i sin tur gi ombyggingsoppdrag. 

På toppen av det heile ventar Vard Electro også vekst frå sitt eigenutvikla system - SeaQ Remote - som skal gjere det råd å styre meir av drifta av skipa frå reiarkontora på land.

Vard Electro vart etablert i 1997. Med tre unntak har selskapet gått med overskot kvart år. 

Vard Electro as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2617,31806,9
Driftsresultat104,274,6
Resultat før skatt134,8178,5

Publisert: 23.06.2025 09:17

Sist oppdatert: 23.06.2025 09:17