Rekordkontrakt for Marina Solutions
Oppdrettselskapet Cermaq kjøper anlegg til slakteri i Finnmark.
Marina Solutions skal levere to store flytemoloar på 57 gange 8,5 meter, med fire ventemerder for laks på innsida. Anlegget skal være på plass ved Cermaq sitt lakseslakteri i Rypefjord ved Hammerfest om eitt år, skriv Marina Solutions i ei pressemelding.
Kor stor kontrakten er i kroner er ikkje opplyst, men det er den største einskildkontrakten Marina Solutions nokon gong har fått, ifølgje pressemeldinga.
– Det er alltids godt når signaturen kjem på plass, og prosjektet dermed blir konkret og handfast, seier dagleg leiar Torgeir Iversen i pressemeldinga.
– Fått fleire forespørslar
Marina Solutions-sjefen seier selskapet har arbeidd med å utvikle anlegget i lang tid.
Iversen er denne veka på oppdrettsteknologi messa Aqua Nor i Trondheim, og fortel om stor interesse for anlegget.
– Vi har allereie fått fleire forespørslar frå andre, som vi skal rekne på, seier Iversen til NETT NO.
Les også
Bygd hos Ulstein Betong
Ulstein Betong skal bygge flytemoloane medan ventemerdene i betong blir produsert hos Etne Betong i Etne. Ei ventemerd er ei merd der laksen blir oppbevart inntil den blir pumpa inn i slakteriet.
Cflow i Langevåg skal levere anlegget som handterer fisken frå ventemerd og inn i slakteriet.
Auka satsinga på oppdrett
Marina Solutions leverer marinaanlegg, flytande hamner, fôrflåter og andre større flytande konstruksjonar i betong. Basen er Ørsta, men selskapet har salskontor på Eidsnes og lager på Bingsa.
Mellom anna satsinga mot sjømatnæringa med oppretting av eigen akva-avdeling, har gitt langt høgare omsetning for Ørsta-bedrifta dei siste åra.
Det har også gitt fleire i arbeid – og bedrifta gjekk frå 18 til 22 årsverk frå 2021 til i fjor.
Publisert: 24.08.2023 10:03
Sist oppdatert: 24.08.2023 12:09