Rekordmange bedrifter gir julegaaver til organisasjonar
MANNSKAPSGÅVE: Stor glede over gåva på 400.000 kroner frå tilsette i Island Offshore til ME-foreninga. Frå venstre Geir Arne Aune Hovd, Kjetil Egset, Øyvind Skinnes Myklebust, Inge Kvalsvik, Randi Hjelmeseth, Solveig Bjørlykhaug Hånes og Rune Hoddevik.
Nytt

Rekordmange bedrifter gir julegåver til organisasjonar

Stadig fleire bedrifter gir julegåver til ideelle organisasjonar i staden for til eigne tilsette. Norges Røde Kors melder om rekordtilstrøyming, og måndag gav dei tilsette i Island Offshore 400.000 kroner til ME-forskning.

16.12.2013
- Denne gåva betyr uendeleg mykje for oss, seier Geir Arne Aune Hovd, styreleiar i ME-foreininga sentralt.
Han opplyser at på landsbasis er rundt 20.000 råka av ME (myalgisk encefalomyelitt), betre kjend som kronisk utmattingssjukdom.
- Målet er å samle inn 22 millionar kroner til forskning ved Haukeland Universitetssjukehus. Dette er viktig for mange, og derfor er denne gåva frå Isand Offshore så kjærkomen.

Forslag frå kaptein Kvalsvik

Ulstein-bedrifta Island Offshore har rundt 1000 tilsette fordelte på land og sjø, men kvart år er det mannskapet på dei 27 Island Offshore-skipa som nominerer og bestemmer kven som skal få julegåve. I år hadde kaptein Inge Kvalsvik på "Island Constructor" gjort ein ekstra innsats for at ME-foreninga skulle få gåva.
- Eg har siste sju åra hatt denne sjukdomen i min nære familie. Dette er på mange måtar den gløymde sjukdomen, og eg veit kor mykje ei slik gåve gjer for så mange.

God tradisjon

Administrasjons- og HR-sjef Jan Rise ved Island Offshore synst at julegåver til organisasjonar er ein god tradisjon. Tidlegare har sjøfolka gitt gåver til organisasjonar som Norsk luftambulanse, Redningsselskapet og Kreftforeninga.
- Dette er ei gåve frå sjøfolka, ikkje frå selskapet. Det er sjøfolka som sjølve stemmer over kven som skal få årets gåve. Kvart skift på dei ulike skipa tel ei stemme.
Rise seier at det har vore stor interesse rundt årets julegåve.
- Ja, og det virkar som dei aller fleste tilsette meiner dette er ein god tradisjon.

Kleven-tilsette får gåve

Kleven er ei av bedriftene som ikkje gir julegåver til ideelle organisasjonar.
- Vi støttar ideelle organisasjonar med gåver over heile året, og synst at det har vore ein fin tradisjon at vi til jul har kunna gitt alle tilsette ei lita julegåve, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.
Ho seier at det kan verte endringar.
- Vi registrerer at mange vel å gjere dette på ein annan måte, og vi vil vere lydhøyre om bedriftsutvalet i Kleven meiner at også vi skal endre praksis.
- Men i år vert det ei julegåve til alle våre tilsette.

Ulstein-avtale med SOS barnebyar

Også ved Ulstein Group vert det julegåver på dei tilsette i år.
- Ja, dette held vi fram med, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim. Ho opplyser at Ulstein har hatt eit langvarig samarbeid med SOS barnebyar, eit samarbeid som kjem til å halde fram.
- Vi gir SOS barnebyar ein million kroner årleg, og vi har nyleg signert ny treårig samarbeidsavtale.
Ei rekkje andre bedrifter har derimot bestemt seg for å gi julegåver til organisasjonar i år.

Rekord i Røde Kors

Tone Brunner, marknadssjef for næringsliv og samfunnsansvar i Norges Røde Kors melder om svært stor tilstrøyming av julegåver.
- Siste åra har det auka kraftig med julegåver frå bedrifter. I år har det vore spesielt mykje støtte etter katastrofen på Filippinane, men det har også vore god støtte til vår Syria-aksjon.
Ho trur det er fleire årsaker til at bedrifter vel å gje julegåve til Røde Kors og andre ideelle organisasjonar i staden for å gje til eigne tilsette.
- Dette kjem nok både av at vi i Norge har det veldig godt i forhold til den nauda vi ser andre stader i verda. Dermed vert det også meir aktuelt å gje gåve til nokon som treng det ekstra mykje.
- I tillegg er det heilt klart at stadig fleire bedrifter tek samfunnsansvaret på alvor.

To millionar frå Rederiforbundet

Brunner opplyser at den største enkeltgåva til jul i år er på to millionar kroner kroner frå Norges Rederiforbund og deira medlemsbedrifter. I tillegg har Statkraft som gitt ein million kroner, begge til Røde Kors sitt arbeid på Filippinane.
- Dette er ekstraordinære midlar, som gjer oss i stand til å reagere raskt. Mellom anna har vi på grunn av slike midlar i løpet av to veker fått på plass to feltsjukehus på Filippinane.
Brunner seier at det har kome mange andre større gåver. Ei av dei var frå Rolls-Royce Marine på Sunnmøre.
- Det er lettare å få inn pengar til naturkatstrofer enn til arbeid i krig og konflikt.- I år vart det spesielt med naturkatastrofen på Flippinane så tett inn mot jul.

Fleire små bedrifter gir

Ho seier at det også er ein tendens til at også stadig fleire små bedrifter gir julegåver til ideelle organisasjonar.
- I år har det kome ekstra mange gåver frå små og mellomstore bedrifter, noko som vi er veldig glade for.
I år har det kome ekstra mange gåver frå små og mellomstore bedrifter, noko som vi er veldig glade for

Publisert: 16.12.2013 18:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30