I helga blei det kjent at regjeringa landa på det britiske fregattalternativet når dei skal gjennomføre det største innkjøpet til Forsvaret i moderne tid.
Skuffelsen var stor hos fleire aktørar på Nordvestlandet, som håpte på å sikre seg delar av byggeoppdraga.
Dagleg leiar Jan Thormodsæter i Mafoss (Maritim foreining for Søre Sunnmøre) delar frustrasjonen.
– Eg hadde håpt at ein frå AS Norge si side ville tenkt at dette var ei gylden moglegheit til å få til noko meir utover å berre få bygd båtane, seier han til Nett No.
Thormodsæter viser til at det er kapasitet ved norske verft, som også har inngått samarbeidsavtaler som kunne sikra betydeleg verdiskaping i den heimlege industrien.
– Kunne sikra industrien langs kysten
På Nordvestlandet gjekk Ulstein-konsernet inn i eit samarbeid om å bygge det tyske fregattalternativet. Vard har på si side opplyst at dei kunne bygge dei amerikanske fregattane.
– Eg saknar vektlegging av det store bildet, der vi kunne sikra industrien langs kysten erfaringa med å bygge slike skip, bygge opp kompetanse, sikre leverandørane og samtidig få utvikla infrastrukturen ved verfta, legg Thormodsæter til.

Mafoss-leiaren meiner ein ved å velje eit alternativ som ikkje medfører meir bygging i Norge – går glepp av fleire synergiar.
– Dette kunne vore kontraktar som óg kunne vore med å vise nye generasjonar at det er ei framtid i den maritime industrien – som regjeringa seier dei vil satse på, seier Thormodsæter.
Uro kring forseinkingar
Valet av dei britiske fregattane har vore kritisert for at dei har utstyr frå israelske leverandørar.
Samtidig har det vore peika på at britane allereie har varsla at byggjeprogrammet deira er forseinka.
– Vi har god erfaring med at norske verft leverer både på tid og kostnad. Det same kan ein ikkje seie om erfaringa Norge har med å bygge utomlands. Det burde vi ta lærdom av, seier Thormodsæter.
Skeptisk til gjenkjøpsavtale
I avtalen om kjøp av fregattar frå Storbritannia har britane også garantert for eit industrisamarbeid med norsk industri.
Regjeringa opplyste i helgas pressemelding at den skal vere på storleik med heile kontraktsverdien - som er anslått til drygt 130 milliardar kroner.
Mafoss-leiar Jan Thormodsæter er likevel skeptisk.
– Eg er spent på å sjå kva aktørar som vil tene på dette. Også lurar eg på kor stor del av denne gjenkjøpsavtalen som dreiar seg om allereie inngåtte avtaler på andre område, seier han.
Ventar rask avgjerd om standardfartøy
Bygginga av 28 standardfartøy til Forsvaret er den neste store avgjerda som den maritime bransjen no ventar spent på.
Tidlegare er det opplyst at desse skipa skal byggjast i Norge – noko som vil gi betydeleg aktivitet for industrien langs kysten i ei årrekke.
– Vi har ei forventing om at det kjem ei rask avgjerd om desse standardfartøya. Det er mange verft som er klare til å rigge om å levere slike båtar framover, seier Mafoss-leiaren.
Publisert: 02.09.2025 14:30
Sist oppdatert: 02.09.2025 14:41






