Historisk fell prisen på torsk når kvotene er så store som no. Det har ikkje skjedd. Tvert i mot, torskeprisen er på eit rekordhøgt nivå.
I følgje eksportstatistikken for utgangen av oktober, som Norges Sjømatråd offentleggjer i dag, har Noreg eksportert sjømat for 74,3 milliardar kroner hittil i år. Det er nesten like høg verdi som for verdien av sjømateksporten i heile 2015.
Den positive utviklinga i torskeprisen, sett frå fiskarane si side, er eit resultat av ein grunnleggande endring i marknaden slik Egeness ser det.
Framveksten av ein stor foredlingsindustri i Europa, først og fremst i Polen og Baltikum, på bekostning av Kina, har bygd ein større etterspørsel etter torsk og annan kvitfisk.
Foredlingsanlegga i Europa kan ta i mot både fersk og frose råstoff, filetere, porsjonere og pakke det i kundevennlege pakningar, som kjapt er ut i butikkane, som fersk eller tint fisk. Korte avstandar både til fiskefelta og forbrukarar gjer europeisk industri meir fleksibel enn kinesarane, kundane kjøper meir og det slår rett ut tjukkelsen på lommeboka til norske fiskarar.
- Dette er ein krevande situasjon som krev nytenkning. Kanskje vil vi også i Noreg sjå ei dreiing mot fleire bearbeidde produkt som kan seljast med større marginar. Vi ser allerede teikn på dette i dei norske fiskediskane. Det er stor betalingsvilje i marknaden om produktet er rett, seier torskeanalytiker Ingrid Kristine Pettersen i Norges sjømatråd i pressemeldinga.
I følgje eksportstatistikken for utgangen av oktober, som Norges Sjømatråd offentleggjer i dag, har Noreg eksportert sjømat for 74,3 milliardar kroner hittil i år. Det er nesten like høg verdi som for verdien av sjømateksporten i heile 2015.
Oppsving på torsk
Egeness seier det er prisauke både på fersk og frosen torsk, medan prisen på tørrfisk, saltfisk og klippfisk er på nivå med 2015, i følgje Norges Sjømatråd.Den positive utviklinga i torskeprisen, sett frå fiskarane si side, er eit resultat av ein grunnleggande endring i marknaden slik Egeness ser det.
Framveksten av ein stor foredlingsindustri i Europa, først og fremst i Polen og Baltikum, på bekostning av Kina, har bygd ein større etterspørsel etter torsk og annan kvitfisk.
Tettare på marknaden
Den lange transportvegen gjer at kinesiske bedrifter har spesialisert seg på å tine frosen fisk, filtetere og pakke den ned i små forbrukarpakningar, før den blir frosen på nytt og sendt tilbake til Europa og USA.Foredlingsanlegga i Europa kan ta i mot både fersk og frose råstoff, filetere, porsjonere og pakke det i kundevennlege pakningar, som kjapt er ut i butikkane, som fersk eller tint fisk. Korte avstandar både til fiskefelta og forbrukarar gjer europeisk industri meir fleksibel enn kinesarane, kundane kjøper meir og det slår rett ut tjukkelsen på lommeboka til norske fiskarar.
Tøffare på heimebane
Suksessen på utebane er ei utfordring for industrien på heimebane. Større konkurranse om råstoffet set press på marginane for den norske fiskeindustrien.- Dette er ein krevande situasjon som krev nytenkning. Kanskje vil vi også i Noreg sjå ei dreiing mot fleire bearbeidde produkt som kan seljast med større marginar. Vi ser allerede teikn på dette i dei norske fiskediskane. Det er stor betalingsvilje i marknaden om produktet er rett, seier torskeanalytiker Ingrid Kristine Pettersen i Norges sjømatråd i pressemeldinga.
Publisert: 03.11.2016 15:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03