Kjøpte selskap med torskekvote til rekordpris
Reiar seier det er ei investering for framtida. Meklar trur taket snart er nådd.
- Ja, utviklinga av kvoteprisar har vore smått fantastisk over dei siste åra, men no trur eg det flatar litt ut.
Det seier skipsmeklar Endre Remøy i Ålesund.
Bakgrunnen er at det i det siste har vorte omsett torskekvotar til både 130 millionar og 150 millionar kroner, noko som utgjer ei tredobling på fem år.
Mellom anna har reiarlaget Leinebris nyleg kjøpt selskapet Husby Senior på Averøya ein kvoterett for torsk og hyse til 150 millionar kroner..
- Konkrete saker kan eg ikkje kommentere, seier Remøy.
Storsasting
Leinebris er eigd av Paul Harald Leinebø i Herøy og Åge og Øyvind Uran med fleire på Averøya etter at dei to reiarlaga slo seg saman og bygde autolinebåten Leinebris i 2015. Det 58 meter lange Tersan-bygde skipet er utrusta for både garn og autoline. Selskapet omsette i 2020 for 75,5 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 4,0 millionar.
No ønsker eigarane bak reiarlaget å satse offensivt vidare, og har lagt heile 150 millionar kroner på bordet for ein grunnkvoterett på blant anna torsk og hyse.
Voldsom prisauke
Etter det NETT NO kjenner til gjekk kvotene for rundt 20 millionar kroner i 2001, då struktureringa starta, og i 2016 var prisen auka til rundt 50 millionar kroner.
NETT NO har grunn til å tru at Loran-reiarlaget på Godøya betalte rundt 160 millionar kroner då selskapet i fjor kjøpte to torskekvoter frå Kato-reiarlaget i Sandøy.
Loran har ei storsatsing på gang med bygging av eit grønt og nyskapande fiskefartøy.
Etterpå har kvoteprisen gått ytterlegare opp.
Les også
Utviklinga av kvoteprisar har vore smått fantastisk over dei siste åra
Investerer for framtida
Reiar Paul Harald Leinebø i Leinebris trur at prisane fort kan stige endå meir.
- Ja, det er smått med kvoter igjen å få kjøpt.
Han seier at kvotekjøpet er ei investering for framtida.
- Vi veit at det er usikkerheit rundt tilbakefall av strukturkvotene. For å sikre framtida for reiarlaget er vi difor avhengige av å sikre oss meir grunn-kvoter, og det har vi no gjort.
Må betale det seljar vil ha
Leinebø vil ikkje uttale om det er snakk om å satse på nybygg.
- Nei, dette er det for tidleg å seie noko om. Det vi no gjer er å sikre at også nye generasjonar kan drive fiskeri gjennom Leinebris-reiarlaget.
- For å sikre dette, må vi også betale den prisen som seljar er villig til å selje for.
Sat att med kvoter
Selskapet Husby Senior, som har stått for salet, er ein del av selskapet O. Husby Fiskebåtrederi. Då selskapet i 2016 selde gamle Husby Senior til Færøyane, selde dei kun båt, og sat att med kvotene sjølve.
I 2020 omsette O. Husby Fiskebåtrederi for 127,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 13,7 millionar.
- Det er gledeleg at at kvotene til Husby Senior framleis på ein måte høyrer heime på Averøya gjennom det samarbeidet vi har med våre medeigarar frå Averøya, seier Leinebø.
Les også
Det vi no gjer er å sikre at også nye generasjonar kan drive fiskeri gjennom Leinebris-reiarlaget
Trur på utflating
Skipsmeklar Endre Remøy seier at grunnen til at han trur kvoteprisane vil flate ut ei stund framover er at det no er litt lavere kvoter, i tillegg til auka renter, auka driftskostnader og at ein i tillegg må betale formuesskatt.
- På den positive sida ser det ut til at marknaden absorberer dei kvanta som Norge ønsker å eksportere, og det til ein akseptabel, eller god pris, seier han.
Dei auka kvoteprisane har også samanheng med auka torskeprisar, og utsikter for at det er muleg å drive med lukrativt snurrevadfiske etter sei.
Publisert: 05.01.2022 12:42
Sist oppdatert: 05.01.2022 15:04