Geiranger Hotelldrift driv Hotell Geiranger, eit sesonghotell, som opnar om våren og stenger tidleg i oktober. Hotellet har hatt vekst kvart år frå 2012 og dei siste åra har også lønsemda skote i veret.
2017 blei eit rekordår, og fjoråret blei enda betra. Resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene steig frå 7,5 prosent i 2017 til 10,5 prosent i fjor.
- Vi er godt fornøgd med resultatutviklinga, seier hotellsjef Maud Haldorsen i ei pressemelding.
- Vi har ikkje så mykje meir å selje i høgsesongen, så då kan vi ta oss litt betre betalt, sa Tore Haldorsen til NETT NO i 2017. Hotellet er eigd av Haldorsenfamilien, og Tore Haldorsen har drive hotellet saman med dattera Maud i fleire år.
Selskapet er eigd av Friaren Holding, som har Gro og Tore Sævil Haldorsen, Maud Overå Haldorsen og Tor Kristian Overå Haldorsen som eigarar.
2017 blei eit rekordår, og fjoråret blei enda betra. Resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene steig frå 7,5 prosent i 2017 til 10,5 prosent i fjor.
- Vi er godt fornøgd med resultatutviklinga, seier hotellsjef Maud Haldorsen i ei pressemelding.
Auka prisane
Ein av grunnane til den auka lønsemda er prisauke i høgsesongen.- Vi har ikkje så mykje meir å selje i høgsesongen, så då kan vi ta oss litt betre betalt, sa Tore Haldorsen til NETT NO i 2017. Hotellet er eigd av Haldorsenfamilien, og Tore Haldorsen har drive hotellet saman med dattera Maud i fleire år.
Vekst på 10 prosent
Så langt i år ligg Geiranger Hotelldrift an til 10 prosent vekst i driftsinntekter samanlikna med i fjor. Budsjettet er eit resultat i kroner som i 2018, skriv Maud Haldorsen i ei tekstmelding til NETT NO.Selskapet er eigd av Friaren Holding, som har Gro og Tore Sævil Haldorsen, Maud Overå Haldorsen og Tor Kristian Overå Haldorsen som eigarar.
Publisert: 24.05.2019 13:03
Sist oppdatert: 22.03.2024 15:36