– Det var eit rekordår på dei fleste måtar, sa Lars Conradi Andersen til Nett No etter han presenterte hovudtala for Rem Offshore på Leverandørkonferansen i Ulsteinvik i mai i år.
Han fortalde og at det ligg an til at selskapet skal få eit godt 2025, men verda er meir uroleg og pilane peikar ikkje like bratt opp som dei gjorde for eitt år sidan.
I dag legg Rem Offshore Holding-konsernet fram 2024-rekneskapen, som stadfestar presentasjonen i mai (sjå tabell under).
Rem Offshore hadde 19 skip i flåten i fjor – og var då større enn «gamle» Rem var før offshorekrisa slo til for om lag ti år sidan. Reiarlaget har samtidig tre nye skip under bygging.
| Rem Offshore Holding as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftstinntekt | 1823,8 | 1384,8 |
| Driftsresultat | 993,6 | 561,5 |
| Resultat før skatt | 699,3 | 346,7 |
Publisert: 19.06.2025 10:52
Sist oppdatert: 30.06.2025 11:03






