Age Remoy nov 2024 foto Marius
COMEBACK: Når Rem Offshore får levert det planlagde subseaskipet i bakgrunnen vil Åge Remøy og partnarane ha 22 skip i flåten. I dag er reiarlaget større enn under offshoreboomen for ti år sidan både i tilsette, skip og inntekter. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Større enn under offshoreboomen

For åtte år sidan tapte han alt over natta. Sjølv ikkje Rem Offshore-reiar Åge Remøy trudde på comebacket han no opplever.

Marius Rosbach
22.11.2024

Torsdagens dobbelnyheit om Rem Offshore sitt rekordoppdrag for Equinor - som førte til rekordkontrakt for Myklebust Verft - er det førebelse høgdepunktet i eit comeback få hadde trudd var mogleg. 

I 2016 tapte Herøy-reiar Åge Remøy alt over natta, då Solstad og Røkke kapra reiarlaget han hadde bygd opp gjennom eit langt reiarliv. 

I dag er nye Rem Offshore større enn det tidlegare reiarlaget var på høgda under offshoreboomen både i talet på tilsette, omsetning og storleiken på skipsflåten. 

– Eg hadde overhovudet ikkje trudd det skulle gå slik, seier Åge Remøy til Nett No. 

Leiv Sindre Muren Age Remoy Lars Conradi Andersen Rem Myklebust foto Marius 1
REKORDSKIP: I bakgrunnen rekordskipet som Myklebust Verft-sjef Leiv Sindre Muren (f.v.) skal bygge for Åge Remøy og Lars Conradi Andersen i Rem Offshore. Nybygget blir omtala som «neste generasjons subseaskip», og er sikra arbeid for Equinor i heile åtte år. Foto: Marius Rosbach

Vil få 22 skip i flåten
Når reiarlaget får levert begge subseaskipa dei skal bygge ved Myklebust Verft – og eit vindskip frå Vard – vil dei ha 22 skip i flåten. 

Då gamle Rem Offshore blei slukt av Solstad-reiarlaget, hadde dei 19 skip i drift eller under bygging. 

– Når ein ser på kva vi har vore gjennom og kvar vi er no, så har det vore ei veldig spesiell reise, fortel Remøy.

– Vi hadde aldri rekna med at vi skulle komme dit vi er i dag, sopass raskt. Samtidig har vi tent pengar – og det er sjølvsagt viktig. Viss ikkje hadde vi ikkje vore her, legg han til. 

Fekk kjøpe skip billig
Åge Remøy meiner han har vore heldig som har hatt med seg partnarane Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth, som eig to tredelar av reiarlaget. 

– Vi hadde moglegheita til å satse på nytt igjen, og dei ønska å vere med, fortel han.

Trioen som tidlegare har samarbeida i ei årrekke, hadde eit mål om å bygge opp eit offshoreselskap med slagkraft nord for Stad.

– Vi fekk fanga opp ein del skip som vi fekk kjøpe til låge prisar, samanlikna med dei verdiane vi ser i dag. Slik starta det, seier han.

Age Remoy Lars Conradi Andersen foto Marius
DREIER VERKSEMDA: Rem Offshore-eigar Åge Remøy (t.v.) med reiarsjef Lars Conradi Andersen (t.v.). Reiarlaget no får fleire skip som kan utføre spesialoperasjoner i subseamarknaden. Foto: Marius Rosbach

– Dette er eliteserien
Rem Offshore-flåten består i dag av 13 PSV-ar, eller forsyningsskip, tre skip til vindkraftindustrien og eit seismikkskip. Med dei siste subsea-nybygga rykker reiarlaget opp ein divisjon. 

– Dette er eliteserien, som Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen sa under torsdagens pressekonferanse på reiarkontoret i Fosnavåg. 

Skipa dei har under bygging inkluderer også store investeringar. Remøy anslår prisen for dei to subseaskipa til kring tre milliardar kroner.

Dobla omsetning på to år
Samtidig aukar inntektene. Under torsdagens pressekonferanse kunne reiarlaget avsløre at dei rekna med ei omsetning i år på 1,8 milliardar kroner.

Det betyr at reiarlaget har dobla omsetninga på to år - frå 840 millionar i 2022 og nær 1,3 milliardar i 2023. 

– Eg trur at dokke vil sjå når vi leverer tal for i år, at dei framleis er veldig gode. Det er nettopp det som gjer at vi er i stand til å løfte eit slikt prosjekt og at bankane våre har tru på oss, sa Åge Remøy til pressekorpset torsdag. 

Og meir inntekter blir det framover. 

Equinor-oppdraget som reiarlaget kunne fortelje om torsdag aukar ordreserverven til reiarlaget frå drygt tre, til seks milliardar dei neste åra.

Rem Ocean myklebust illustrasjon skipsteknisk
TRENG FLEIRE SJØFOLK: Rem Offshore skal bygge tre skip dei neste åra og vil ha behov for å rekruttere kring 150 nye sjøfolk. Rem Ocean-skipet blir levert i 2027. Illustrasjon: Skipsteknisk

Treng 150 nye sjøfolk dei neste åra
Tall frå utgangen av 2014 viser at reiarlaget hadde kring 500 sjøfolk i arbeid før oljeprisfallet førte til kollaps for bransjen. 

I dag er Rem Offshore oppe ikring 650 sjøfolk, i tillegg til 40 tilsette ved landkontora. 

– Vi har ein flott gjeng her på huset som er med å jobbe fram dette, og vi har stor tru på at det vi driv med skal gi god utteljing, seier Åge Remøy om staben.

Fleire skip betyr også fleire tilsette. Når reiarlaget får levert dei tre skipa under bygging har dei behov for kring 150 sjøfolk dei neste åra.

– Sjølv om det er mange som er med å dreg lasset: Er det også ein personleg siger for deg?

– Det er faktisk det, seier han. 

– Eg er veldig stolt av produktet vi har fått fram, og at vi har kome oss gjennom den vanskelege tida. 

Publisert: 22.11.2024 10:13

Sist oppdatert: 22.11.2024 21:28

Mer om