Hausten 2020 tok Nomek i Stryn inn to lærlingar. Denne hausten tok selskapet inn fem.
Selskapet har rundt 70 tilsette og har lagt om rekrutteringsstrategien. Poenget er å gjere seg mindre avhengig av å rekruttere fagarbeidarar frå utlandet - noko selskapet fryktar kan bli vansklegare framover.
- Vi har lagt ein kompetansestrategi der vi meiner det er viktig å ha lokal forankring i arbeidsstokken, seier dagleg leiar Jon-Rune Heimlid.
Vekst
Nomek har hatt tre år på rad med vekst, frå 76,7 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 til 108,6 millionar kroner i fjor (sjå tabell).
2021 blir eit nytt år med vekst. Selskapet har auke ordrereserven til 75 millionar kroner, som er den største ordrereserven selskapet nokon gang har hatt.
Veksten kjem samstundes som Nomek vil oppnå omlag same lønsemd som i fjor, ifølgje Heimlid.
Tre marknadar
Nomek arbeider i tre marknader, som kvar står for omlag like stor del av inntektene til selskapet.
Påbygg til lastebilar er den verksemda som veks raskast. Det omfattar mellom anna bygging av trekkvogner og krokpåbygg (som på biletet).
Det andre beinet selskapet står på er bygging av anlegg på spesialkøyretøy, som for eksempel septikbilar og slamsugarar.
Platebearbeiding er tredje bein. Nomek er mellom anna leverandør av komponentar til Møre Trafo.
Les også
Grandevegen Invest eig 94 prosent av aksjane i Nomek. Eigarane i Grandevegen Invest er Invest24 (33,7 prosent), Baaf Invest (33,1 prosent) og Elo Invest (33,1 prosent).
Invest24 er eigd med ein tredjepart kvar av Kristian Sandbakk i Stryn og tre familemedlemer, Johny Birkeland i Gulen og familiemedlemer og av Arild Bødal i Stryn.
Nomek as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 108,6 | 95,8 |
Driftsresultat | 10,6 | 8,1 |
Resultat før skatt | 10,2 | 14,2 |
Publisert: 17.09.2021 15:15
Sist oppdatert: 17.09.2021 15:17