Rekordutbytte for Stolt Nielsen
AUKE: Ocean Supreme og Botholf Stolt-Nielsen auka driftsinntektene med 25 prosent i fjor og spår ny vekst i år.
Nytt

Rekordutbytte for Stolt-Nielsen

Valutautviklinga gir solid drahjelp for Ocean Supreme.

28.04.2016
Lakseeksportøren Ocean Supreme i Ålesund, med Botholf Stolt-Nielsen og lakseoppdrettar Gerhard Alsaker som største eigarar (25 prosent kvar), fekk ein stor auke i både driftsinntekter og overskot i fjor. Selskapet auka salet utan å auka bemanning, og det løfta lønsemda. Av overskotet før skatt på 16 millionar kroner går 12 millionar som utbytte til eigarane.
- Selskapet har god soliditet og likviditet, difor tek vi ut ein betydeleg del av overskotet, seier dagleg leiar Botholf Stolt-Nielsen.

Opp frå fire millionar

Etter 2013 betalte selskapet ut fire millionar kroner i utbytte, etter 2014 ble det åtte millionar kroner og etter 2015 12 millionar kroner.

Det er vekst i både volum og prisar som ligg bak auken i driftsinntekter i fjor. Også i år ventar selskapet vekst, men då i større grad på grunn av høgare prisar. Produksjonen av atlantiske oppdrettslaks er venta å gå ned på verdsbasis i år, både i Chile og Noreg.

Spår prishopp

I januar i år sa analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets at han ventar ein nedgang i den norske produksjonen på rundt 27 tusen tonn i år. I 2015 var produksjonen 1,2 millionar tonn, og nedgangen i år er omlag på line med nedgangen frå 2012 til 2013.
Det er andre gong på få år den norske produksjonen av oppdrettslaks blir lågare enn året før. Sist det skjedde var i 2013, og no ser det ut til å skje igjen.
Den gongen slo produksjonsnedgangen ut i eit prishopp på 40 prosent i euro og 50 prosent i norske kroner.

Oversjøiske kundar

Ocean Supreme har hovudtyngda av kundane sine i oversjøiske marknadar, der yen og dollar er betalingsmiddel. Dette er valutaer som har styrka seg mykje mot norske kroner, slik at norske eksportørar og oppdrettara får meir inn i kassa utan at forbrukarane ute får eit tilsvarande prishopp.
Stolt-Nielsen illustrerer det manglande prishoppet i butikkane med å vise til at chilenske oppdrettarar, som har sine kostnadar i dollar og USA som hovudmarknad, slit med lønsemda.

Gode tider

I eit intervju med NETT NO i 2014 sa Stolt-Nielsen at han er grunnleggande optimist på vegne av norsk oppdrettsnæring, og grunngav det mellom anna med prognosene om ein vekst i den asiatiske middelklassa til 1,2 milliardar menneske i 2020.
Den veksten betyr større etterspørsel etter laks.


Publisert: 28.04.2016 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56