Rekordaar for Berge Co
UTVIDAR: Berge & Co fekk fotfeste på Sunnmøre gjennom kjøpet av tidlegare Sandven Ørsta (no Berge & Co Ørsta) i fjor. Sandven satsa på bruktbilimport, men fekk valutamarknaden rett i ansiktet.
Nytt

Rekordår for Berge & Co

Bilforhandlar Berge & Co trur på sterk vekst også i 2017.

13.07.2017
Audi-, Skoda- og Volkswagenforhandlaren med hovudkontor i Førde kjøpte seint i fjor Sandven Ørsta. Prisen var sju millionar kroner, i følgje årsmeldinga til Berge & Co.

Dermed fekk Berge & Co det fotfestet på Sunnmøre selskapet har leita etter i fleire år. Samstundes skifta Sandven Ørsta namn til Berge & Co Ørsta og vart på ny Volkswagen-forhandlar, slik selskapet var før det blei kjøpt av Bergensselskapet Sandven i 2013.

Vekst-strategi

Kjøpet i Ørsta er eit "ledd i selskapet sin strategi for fortsatt vekst", skriv Berge & Co i årsmeldinga for 2016.
Selskapet auka driftsinntektene med 15 prosent frå 2015 til 2016 og hadde i fjor sitt beste resultat - målt i kroner i - selskapet si historie.

Fjerde størst

Berge & Co er ein stor aktør i bilbransjen i Sogn og Fjordane.
Selskapet er frå før etablert i Stryn og Måløy.
Selskapet var det fjerde største og den femte mest lønsame i NETT NO si oversikt over 2015-resultata til bilforhandlarane på Nordvestlandet.

Publisert: 13.07.2017 14:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12