Rekordaar for Kjellen
NY RUNDE: Thomas M. Nederlid Ryste tente godt på "Seiler i beltestredet" i fjor og er på ny turne med framsyninga i år.
Nytt

Rekordår for Kjellen

Eks-bankmann Thomas M. Nedrelid Ryste, alias Kjell "Kjellen" Bigset, hadde sitt beste år nokon sinne i fjor.

18.09.2015
Selskapet Ryste Entertainment as, der Ryste er eigar av 70 prosent av aksjane, auka driftsinntektene med 2,3 millionar kroner i fjor.
Det som verkleg skaut fart var overskotet (sjå tabell). Ryste greier å ta nesten heile auken i driftsinntekter ut i auka overskot. (sjå tabell).

Etter det gode 2014-resultatet let Ryste pengane stå i selskapet. I følgje årsmeldinga tek eigarane ikkje ut ei krone i utbytte og let overskotet stå i banken.

Tok steget

Ryste tok steget frå deltidsartist til heiltidsartist og slutta i bankjobben i 2010 for å leve av "Kjellen" og dei andre figurane sine på heiltid.
2014 er det tredje - og beste - driftsåret for Ryste Entertainment, mellom anna takka vere framsyninga "Seiler i beltestredet" som gjekk i Bergen i fjor haust.
Ryste har ikkje tatt "Seiler i beltestredet" av plakaten.
I starten på hausten turnerer han i Hordaland, før han vitjar Haugesund og Stavanger i oktober og Kristiansand i november, før den førebelse turnéslutten i Trondheim og Oslo i desember. Då har framsyninga blitt spelt i to og eit halvt år.

Skrivepause

Etter nyttår blir framsyninga lagt i arkivet, og Ryste set seg ned for å skrive på neste show, som skal ha premier om lag eitt år frå no.
Slik Ryste har lagt opp drifta vil tredje kvart år bli eit topp-år, der toppen kjem året etter at et nytt show er lansert. I topp-året kan Ryste spele mange framsyningar på rad på same plass, slik har gjorde i Bergen i fjor. Det gir både lågast kostnadar og størst inntekter. Det siste året framsyninga går blir det meir reising og høgare kostnadar.

Nye figurar

Ryste lovar å lansere nye figurar i neste show. Spesilet "Kjellen" treng litt avlastning, og Ryste treng å ta fri frå "Kjellen".
- Av og til gløymer eg at eg ikkje er han på skikkeleg, seier Ryste,


Av og til gløymer eg at eg ikkje er han på skikkeleg

Publisert: 18.09.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47