Sven Erik Moe admdir Scandic Parken Hotel foto Ogne
REKORDÅR: Sven Erik Moe er hotelldirektør ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund sentrum. Fjoråret var rekordbra for det Haagensen-eigde hotellselskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordhøgt overskot for Scandic Parken

2021 blei eit år som ingen andre for Ålesund-hotellet.

30.06.2022

-Det er det beste vi har hatt nokon gang, seier administrerande direktør Sven Erik Moe i Hotelldrift Ålesund om 2021. Hotelldrift Ålesund er selskapet som driv Scandic Parken Hotel.

Moe siktar både til driftsinntekter og resultat før skatt. 2021 blei eit rekordår for begge delar.

Trass i at koronapandemien ikkje var over auka hotellet inntektene med heile 78 prosent frå 2020 til 2021 (sjå tabell under)

Scandic Parken Hotel as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt98,055,1
Driftsresultat24,63,6
Resultat før skatt24,33,4
Hotel 1904 as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt17,915,8
Driftsresultat-1,2-2,6
Resultat før skatt-1,2-2,6
Hotel Noreg as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt12,213,5
Driftsresultat-1,5-1,4
Resultat før skatt-1,5-1,4

Hotelldrift Ålesund Ålesund er eigd av Brødrene Jangaard som er ein del av Haagensen-familiens konsernselskap, Aalesund Enterprises.

Brødrene Jangaard eig også Hotel Noreg og 60 prosent i Hotel 1904. Begge dei selskapa hadde underskot i fjor.

Nye tankar
Etter den første nedstengingsperioden i 2020 opna Moe Scandic-hotellet igjen med minimal bemanning i starten.

I fjor sysselsette selskapet 43 årsverk.

Handteringa av koronapandemien har gjort at Moe og kollegane har blitt tvinga til å tenkje nytt og hausta lærdom som kjem til nytte også framover, meiner han.

Det handlar både om å vere meir merksame på kva ting kostar, vere meir medveten å prise rom og tenester rett og rett og slett tenke smartare.

Vi har gjort det rimeleg bra hittil i år
Sven Erik Moe

God start i år
- Vi har gjort det rimeleg bra hittil i år, seier Moe om starten på 2022.

Han håpar hotellet har etablert eit varig høgare nivå på lønsemda etter koronaåra, men 2021 var eit unntaksår på ein del område. Moe reknar ikkje med at det er realistisk at 2021-lønsemda blir standard.

Publisert: 30.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 30.06.2022 13:53

Mer om