Reiselivet ber om ny milliardstoette desse har faatt mest i nordvest
MEST HJELP: Hotel Alexandra (t.v.) i Loen har fått mest støtte av bedriftene i Nordfjord. I Møre og Romsdal har Ekornes (oppe t.h.) fått mest, og på andreplass følger Scandic Parken-hotellet i Ålesund (nede t.h.). 
Nytt

Reiselivet ber om ny milliardstøtte– desse har fått mest i nordvest

Bransjeorganisasjon meiner det blir vanskeleg å få hjula i gong utan meir hjelp. Sjekk kva bedrifter som har fått mest kontantstøtte på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
27.11.2020
(NPK-NTB-NETT.NO-Marius Helge Larsen): Dei gode vaksinenyheitene gir reiselivet håp for 2021. Men Virke meiner det blir vanskeleg å få hjula i gang igjen og ber om ny milliardstøtte frå regjeringa.
– Vi ser lyset i tunnelen. No handlar det berre om å få bedriftene over siste kneika, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv til NTB.
Virke Reiseliv fryktar framleis eit «blodbad» blant medlemsbedriftene deira i reiselivet neste år.
– For å unngå dette, for å få folk ut av permisjon og tilbake i aktivitet, slik at dei kan førebu seg på ein restart av reiselivet i 2021, ber vi no regjeringa om 1 milliard kroner, seier ho.

Har fått mest i nordvest

Oversikt over tildelt kontantstøtte frå kompensasjonsordninga viser at det er reiselivsbedriftene som dominerer blant dei som har fått mest støtte.
Reiselivsbedrifta The Fjords har fått i særklasse mest i Vestland fylke med 27 millionar kroner. Selskapet er eigd av Fjord1 og Flåm AS.
Av reiselivsbedriftene i Nordfjord har Hotel Alexandra i Stryn fått mest - 3,2 millionar kroner-.
Møbelprodusenten Ekornes er den bedrifta som har fått aller mest i Møre og Romsdal. Dei fekk drygt seks millionar kroner for sviktande inntekter i april månad, men har hatt mykje å gjere i tida etterpå.
På dei neste plassane i Møre og Romsdal kjem selskapet Hotelldrift Ålesund, som er Scandic Parken i Ålesund. Dei har fått 4,5 millionar kroner i støtte frå kompensasjonsordninga der bedriftene kan få dekka faste utgifter. På tredjeplass i fylket kjem Hotel Union Geiranger som har fått tildelt 4,1 millionar kroner.

La ny krisehjelp på bordet

Kravet om meir pengar frå bransjeorganisasjonen kjem knappe to veker etter at regjeringa saman med Frp la milliardar på bordet til ei ny kompensasjonsordning for koronarammede bedrifter – òg i reiselivet.

– Det kompensasjonsordninga gjer, og er tenkt til, er å sørgje for verksemdene ikkje går konkurs. Det er hjelp til å betale dei faste kostnadene, men ho bidreg jo ikkje på nokon måte til aktivitet eller å få permitterte tilbake i jobb, seier ho.

Ny start

Dersom alt går bra med utviklinga av ein covid-19-vaksine, kan vaksinasjonen starte allereie i januar neste år her i Noreg. Dermed håpar reiselivsbedriftene så smått å komme i gang igjen til våren. Og at folk for alvor kan byrje å reise litt igjen til sommaren.
For mange reiselivsbedrifter handlar det no om å klare seg gjennom dei neste månadene.
– Spørsmålet er om verksemdene vil klare å komme over den siste kneika og korleis dei skal klare å planleggje for ein ny start – samtidig som dei har måtta permittere tilsette og ikkje har midlar til å hente dei tilbake før aktiviteten blir teken opp igjen og inntektene kjem. Virke meiner reiselivsnæringa ikkje vil klare dette utan hjelp, seier Bergmål.

– Tomt for pengar

I veke 46 hadde halvparten av Virkes reiselivsmedlemmer permittert 70 prosent av dei tilsette, viser den eigne medlemsundersøkinga deira.
– Det er så godt som tomt for pengar i heile breidda av reiselivet, seier Bergmål.
I 2020 har regjeringa sett av 600 millionar kroner i omstillings- og utviklingsmiddel. No ber Virke-leiaren om at ordninga blir vidareført til 2021 med friske pengar, men at fokuset blir endra frå omstilling til restart.
– Det er ein veldig enkel måte å gjere det på. Viss du eig ein skiheis, er det openbert at det er det du skal drive med når landet opnar opp igjen. Då treng du ikkje pengar til omstilling, men til restart, seier ho.
– Gladmeldinga til regjeringa er at dei ikkje treng å finne opp hjulet på nytt. Her er det heller ingen byråkratiske hindringar eller spørsmål om kven som skal forvalte ordninga. Alt er klart. Det einaste som trengst er påfyll av pengar og vilje.

Les meir:



Resultatoversikt:





62 Grader Nord:


(©NPK)

Publisert: 27.11.2020 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06