Lene Trude og Britt foto ogne 11
JULEKONTOR: Leiarane i næringsforeiningane i Molde og Ålesund, Lene Trude Solheim (t.v.) og Britt Flo har fleire arrangement og kontorplassar for folk som er heime på juleferie. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekrutterer med julekontor

Næringsforeiningane i Molde og Ålesund lokkar med kontorplass for utflytta nordvestlendingar i jula.

19.12.2023

For tredje år på rad kombinerer Næringsforeningen Ålesundregionen tilbod om kontorplass i Pir-bygget i Ålesund sentrum, med korte innlegg og programinnslag onsdag 20. og torsdag 21. desember.

Arrangementet er eit rekrutteringstiltak der både folk heime på juleferie og fastbuande kan møtes.

Erlend Låstad frå Converto skal fortelle om rekruttering og behov for arbeidskraft i regionen og bransjegrupper i Næringsforeningen skal presentere seg. Også Bypatriot-grunnleggar Trine Klemetsen og medgrunnleggar i Rebellhuset, Emil Sæter, skal snakke om attraktiviteten til Ålesund.

Les heile programmet her (ekstern lenke)

To arrangement i Molde
Molde Næringsforum står bak to rekrutteringsarrangement i jula.

Det mest tradisjonsrike er Romjulstreffet onsdag 27. desember. Det er ei årleg jobbmesse, som har vore arrangert sidan 2007 - og årleg samlar 300-500 personar i Molde Rådhus. Bedriftene som stiller på årets arrangement finn du i slutten av saka.

Årets nyskaping frå Molde Næringsforum er ei avtale om gratis kontorplass hos fleire kontorfellesskap, som ber inn einskildpersonar og mindre bedrifter.

Samarbeid med fleire
Dei første kontorfelleskapa opna dørane for gratisbrukararar på heimtur allereie frå første veka i desember. Nokre held tilbodet ope til og med ut andre veka i det nye året.

I Molde er fire slike kontorfellesskap med på tilbodet. I tillegg er kontorfellesskap i Vestnes og Elnesvågen med.

Les meir om tilbodet her (ekstern lenke)

Rekrutteringsmøte Molde Næringsforum romjul arkivfoto Molde Næringsforum
REKRUTTERING: Molde Næringsforum har arrangert jobbmesse i rådhuset kvar romjul. I fjor stilte 36 bedrifter og organiasjonar. Arkivfoto: Molde Næringsforum
Bedriftene som stiller på Romjulstreffet i Molde
Admento AS Avd. Molde
Advokatfirmaet Sporsheim
Asplan Viak AS
Axess Technologies AS
Axtech AS
BDO AS
Brunvoll AS
Christie AS
ELINETT AS
Elmo Teknikk AS
Glamox AS
Hustadvika kommune
Høgskolen i Molde
Inline X
KPMG
Linjebygg AS
MIFO AS
Maritech Systems AS
Møre og Romsdal fylkeskommune
National Oilwell Varco
Norconsult Norge AS
ORIVO AS
Omya Hustadmarmor AS
Ovun AS avd Molde
PricewaterhouseCoopers AS
RIR IKS
SHM Solutions AS
Salmon Evolution ASA
Sensacon
Sparebank 1 SMN
Sparebanken Møre
Sweco Norge AS
TS Group AS
Trainee i Molderegionen
VIKENCO AS
Varig Forsikring Nordmøre og Romsdal

Publisert: 19.12.2023 09:00

Sist oppdatert: 20.12.2023 10:48

Mer om