Stig Remoy aeresmedlem
NYTT ÆRESMEDLEM: Herøy-reiar Stig Remøy (t.v.) fekk plakett og blomar frå Helge T. Remøy og avtroppande dagleg leiar Merethe Hjertø Flusund. Foto: Fosnavåg Shippingklubb
Nytt

Remøy heidra i shippingklubben

Herøy-reiaren blei æresmedlem for sitt arbeid, både i og utanfor næringslivet.

Marius Rosbach
26.11.2024

Under den tradisjonelle juleavslutninga til Fosnavåg Shippingklubb måndag kveld vart årets æresmedlem, Stig Remøy, heidra, ifølgje ei melding frå klubben. 

President i shippingklubben, Helge T. Remøy, delte ut heidersutmerkinga og fortale forsamlinga om grunngjevinga for heideren.

Han understreka at Stig Remøy har sett sitt preg på både næringslivet og samfunnet i Herøy gjennom sitt arbeid. 

– Eitt av måla til Fosnavåg Shippingklubb er å fremje Fosnavåg som ein leiande maritim by. Denne personen sitt arbeid og innsats har vore avgjerande for å styrke denne posisjonen, sa Helge. T Remøy under talen innleiingsvis. 

Drog til sjøs som 15-åring
Stig Remøy starta karriera sjøs allereie som 15-åring og la tidleg grunnlaget for ei livsgjerning som har vore prega av innsats, visjon og handlekraft, heite det vidare i grunngjevinga. 

Remøy kjøpte han sin første fiskebåt som 19-åring og fekk ansvar som skipper allereie som 21-åring. 

Det la grunnlaget for det som i dag er Olympic-reiarlaget. 

Innsats for lokalsamfunnet
I talen blei det også påpeika korleis reiaren har brukt ressursane sine til å støtte lokalsamfunnet. 

Remøy har vore ein pådrivar for Thon Hotel Fosnavåg, og bidragsytar til Fosnavåg Konserthus, Sunnmørsbadet og Olympic Kulturfond

Stig Remøy takka for prisen og nytta høvet til å oppmode næringslivet i Herøy til å samarbeide og stå saman om tiltak som fremjar bulyst og utvikling av lokalsamfunnet. 

Publisert: 26.11.2024 09:28

Sist oppdatert: 26.11.2024 09:28

Mer om